Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/352

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 340 –

hell Kjøp la han den gamle Garden Mo paa Vaagaa attaat Jord-Eigun sine og Garden høyrde sia’ Ækte-Godse te i lang Ti’ fram-igjønom. Han Jo va tvo Gongo gjift, fyste Kjeringje heitte Brit (Berget) Endresdotter og de er mykjy trule, at ho va Syster hans Gottorm Endreson Bratt paa Bjølsta. Kor den andre Kjeringje er kome fraa er okjennt; ho heitte Aagot. Ette di fyste Gjiften ha han ein Son heitte Knut og ette di andre ein Anders; di hine Bone er o-kjennde. Han Jo Kleppe er dø umkring 1550; kaarles Bone ette ’om bytte Jord-Eigunn imillom se er de Oraa’ aa faa heilt upp Greie paa, men halve Kleppe, søre Garden no er, Mo og ein Lot i Valbjør fall paa han Knut, eldste Son; de hitt Halve, nordre Garden no, maa vera fulle paa ei gjift Dotter. Son hans Anders fekk Rottem, Ellingsbø og ein Lot i Valbjør, han fløtte aat Ner-Bjonnsta og vart buande der, og oss kjøm sia att-ende aat honom.

Han Knut Jonson Kleppe fekk halve Garden paa Lag 1550 og brukte han te fram imot 1580, men da ha han faatt heile Garden te-samen att og aatte han o-delt di siste Aare han livde; me di aatte han den største Jord-Eiga paa ei Manns Hann i Bygden i di Daag’om nest ’om Omond Gjæsling paa Sambu. Kjeringje hans maa vera kome fraa Grimsta paa Lom. De er faa Minne att um Mann; i Aarom 1575–77 va han Kjørkjevergje og han er likt te aa ha livt te 1590, hell saa. Jord-Eiga hans laag saales te: 6 Hu’e i Kleppe-Gardom, 3 Hu’e i Mo, 12 Hu i Kruke i Heidale og 112 Hu i Grimsta paa Lom. Han Knut ha 6 Bon, 4 Syni og 2 Døtt’ som bytte alle Jord-Eigunn imillom se da Far’n dø; paa di Byte vart Kleppe delt i 2 Garde att imillom di tvo eldste Synn’om, heitte Endre og Ola, paa den Visen, at han Endre fekk Sygard og han Ola Nordigard. Men dette Byte va ikje saales gjort, at Kleppe ette di skulde vera delt i tvo Garde for all Framti’, Garden høyrde no, som førr, Ækten te og kunde ve eit seinare Byte bli laataa ut paa andre Maate og faa fleire Uppsitjare. Denne Delingje kom elles te aa staa me Lag saa Gardann ikje kom ihop att meir og ette di er de rettast her aa følgje di tvæ Ækt-Greinom, ette ’om Endre og ’om Ola, paa kaar sin Gard.