han, Aare ette gamle Kaftin fall av, „kom i Ægteskab med min Kone Anne Olsdatter“, saa høyrest de ikje ut te aa ha vore naagaa Mein-Bægje for di Gjiftarmaale. Men di Gamle ha anna aa fortelja um de, som døkk ska faa høyre.
Eit Par Aar førr Kaftin dø, kom de ei ong Framvekste aat Toulsta te Gjætljente. Ho va fraa Rusnes nord-me Vaagaa-Vatne og va eit Baan Kjeringje paa Rusnes ha fram-firi-aat[1]; difor lout ho ut aa tene sit Brø’, trast ho vart saa go. Ho vart verande paa Toulsta, for ho va slik, at „Heggjerote“ likte ho paa all Vis, og da ho vart vakse, va ho baade ei vakker og væl-tenkt Jente og godt go-te se me Allt. Og saa kom Lutnan te aa like ho saa væl, at de vart Kjennskap og Vennskap me di tvoug. Dette heldt døm nok dølt lengje, for de va Eingong ho Anne og di andre Tenaran sat og taalaa loust og fast ’taa kaa, som fall, ho sa di Orde: „de ser alle mi graae Flysse[2], men ingen mi store Lykke“, og di Orde ondrast døm mykjy paa, den Gongen, og kaa ho kunde mena me døm. Men Gamla sjøl ho ha nok Ouga baade baka’ og frama’ og kom ette me, kaarles de va me ’om Paal og henne Anne og saa tok ho paa se Stygge-Hetta. Ho tenkte aa gjort den Kjennskapen um-inkje me ein einaste Gong, men me di va de verre aa faa fram villi’n sin, hell ho ha tenkt, og ho vart var, at de er ikje godt aa leggje se i-millom Bork og Tre. Gong paa Gong va ho ivi ’om Paal me dessa, at han skulde sleppe ho Anne paa de Grase, han tok ho, men ho fekk ikje fløtt han, de hjolpte like mykjy antell ho talde for ’om, hell toutte[3] paa han. De einaste ho fekk han te aa jatte, va, at han ikje skulde gjifte se me henne Anne saa lengje den gamle, sengjeliggjande Far hans livde. Men da han vart burte, tvilte ho nok um, at de kom ikje te aa drygje lengje førr Gjætl-Jenta fraa Rusnes kom te aa løyse ho av i Styre paa Toulsta, og saa gjekk ho paa han, hardare hell nugun Gong, for aa av-øy’e eit slikt Van-Gjifte. Ho ga ’om ikje Fre’ korkje seint hell ti’le og hekk ette ’om kaar han va paa Garde. Ein Dag sto han i Smiun og best de va, kom Mor hans ette og sette paa me sitt saamaa,