Son ette Far. Ette honom kom Garden i framonde Menns Henn
i nogre Aar te ein ’taa Ækten paa Tofte tok de att me Odel;
Garden er enno i Eige ’taa di gamle Ækten.
Paa Bjølsta staar enno nogre gamle Hus, ei tvihøg Stugu fraa umkring 1760 og ei som er ihop-bygd ’taa fleire gamle Stuguhus, sumt i henna kan vera fraa millom 1680–1700. Og saa staar de att eit overlag vakkert Stabur, som visst ikje er yngre hell 1600.
Paa Lag 1628 vart Kjørkja i Heidale fløtt aat Bjølsta, førr sto ho paa Nørdre Prestgarde. De va ei timbra Langkjørkje og i 1688 vart de byggt att-aat nytt Vaabenhus, da de gamle va ne-rote. I 1700 vart de byggt att-aat eit lite Skrifthus ’taa Timber. Kjørkja paa Bjølsta va i Bruk te um Vaarn i 1753 da den Kjørkja, som no er, vart ferdog. Langhuse ’taa di gamle Bjølsta-Kjørkjun me gomol Utskurd umkring Døre, staar att paa Garde, men Taarne, Vaabenhuse og Skrifthuse er burte. Den gamle. Altar’n staar i Vaabenhuse i di nye Kjørkjun og der finnst ei Tavle og nogre andre Ting fraa di gamle.
Toulsta paa Lalm va langt att-ende i Ti’om skrivi for Tolftestad og Namne kjøm se ’taa Tal-Orde toulte hell tøylte; Toulsta skulde da vera de saamaa som „toulte Sta’n“, antell de kan ha vore den toulte Garden som er vorte rødt og byggt paa Lalm, hell kaarles de kan kaamaa se. Denne Garden er ein ’taa di største og beste Gardom i Norddale og ha igjønom alle Ti’e vore ei gjæv Jord-Eige, difor ha ou Gard’n vore i mange store Menns Henn.
Umkring 1400 ha de butt ei paa Garde, som heitte Kristine Eilefsdotter; um ho ha aatt Garden let se ikje sjaa, men de er mykjy trule. I 1411 va 6 Logretts-Menn te-sette aa halde Takst paa Lousøyre ho ha att ette se og de va 96 Ku-Lag, hell Ku-Verd. De er Von te, at ho Kristine ha høyrt te ei ’taa Stor-Æktom paa Vestlande, helst di store Finne-Ækten paa Voss. Vælsaa eit Tjuge Aar ette, i 1437, va de ei Fruge ’taa Finne-