Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/323

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 311 –

Sambu og Heimdals-Vatne (sjaa Gjæsling-Ækte). Aa rekkje Ækten paa Valbjør i desse Ti’om, let se ikje gjera, men de er mest ikje aa tvile paa, at ho ha helde se paa Garde fraa uppi di toulte Hondrede-Aare te i vore Daagaa. Saa langt att-ende som de finnst naagaa Minne um de, ha Folke paa Valbjør rekna se for aa vera ’taa Eldjønn-Ækten. Lars Tronnsson Valbjør som va fødd i 1670 rekna se for aa vera baade ’taa Eldjønnom og Brattom ette som Bispen Dorf skriv i 1749, og di Gamle gløymde ikje lett Ækt-Ra’n[1] sine.

Ette de lei’ paa va Kar-Namne Tronn mykjy brukt i Valbjørs-Ækten paa saamaa Gjerde som Iva paa Sambu og Tord paa Bjølsta. I tvo hell tri Manns-Aldre ha Namne Baard vore brukt jemn-si’es me Tronn og i Ti’n millom 1355 og 1397 finnst jemnan Namne aat ein som kallast Baard Tronnsson. Han va ein rik Mann som aatte Jord fleire Sta’ann i Nordhera’, i Lom og i Heidale, her aatte han Søre Bjølsta; um han aatte Valbjør kan ein ikje sjaa te Visse, men at han va ’taa Eldjønn-Ækten er de ikje Tvil um. Tvo Le’e lenger ne er de ein Mann, heite Baard Petersson, som visst ou er ’taa Ækten, kanhende Sone-Son hans Baard Tronnsson; um han ha aatt Valbjør er ikje avgjort, men han va buande i Nordhera’ og aatte Jord-Eigo der paa fleire Stelle.

I 1495 heite Eigar’n for Valbjør Ellan Tronnsson og me Ja-Minne aat „Frugun“ sine sel han de saamaa Aare Søre Valbjør og Krok-Ekra i Nørdre Valbjør aat ’om Lasse Munk[2]. Han Ellan Tronnsson ha ette desse vore Adelsmann me di, han kalla Kjeringje si Fruge; han ha ei Syster som heitte Gonhil Tronsdotter og, ette eit gomolt Brev, ga ho i di saamaa Ti’om burt halve Nørdre Valbjør aat Bispe Herman og Catrine-Altare paa Storhaamaar te Sjælehjolp for se og Foreldr’om sine. Me di lyt Valbjør umkring 1500 vera kome utu Ækten ei Ti’; um saa er ha ho halde se antell paa inkun ’taa di andre Gardom i Nordhera’ hell uppi Lom, for ho ha Jord-Eigo paa mange Stelle. I 1528 er de ein Mann paa Valbjør som heite Baard, og de

  1. Ækt-Ra’n, ei Ækt-Ra’: Ætt-Føl’je, „Slægtsrække“.
  2. Lasse Munk va ’taa ei Adels-Ækt som visst ha havt Hugu-Sæte sitt i Lom og Ækte livi full enda der i Bygdom.