aa vera dø denne Ti’e; attaat ’om Gunna og ’om Paal finnst de namngjeve ein Ommon Ivason som ou helst er ein Bror, at han er ’taa Gjæsling-Ækten er visst og ette som ein kan sjaa, ha han aatt ’taa Jord-Eigom som Ækte fraa gomolt ha paa Fron; han budde full ou der i Bygden allt i 1434. Den eldste ’taa Brørom er vist han Gunna me di han fekk Sambu og allt Ondeliggjandes, kaa meir han kan ha faatt er ovisst, men at de fyl’de meir me, er nok sikkert. Kaarles Skjylda me desse Sys’kjinom og di tvo Fa’brørom deres heng ihop me henne Jaartru Paalsdotter, er de vandt aa finne ut te full Visse; ette di som er funne kan de helst tenkjast, at døm ækta fraa ein Tjøstol Erlandsson som da skulde vera Bror hans Gunnar Erlandsson, gjift me henne Jaartru Paalsdotter den eldste. Men naagaa fullt paa-litande Prov for desse er de ikje; summe har meint, at desse Sys’kjine va Systersyninn henne Jaartru, men de er lite truande, at ho ha nogor Syster for naagaa Merkje te di finnst ikje i di gamle Brevom.
Han Gunna Ivason paa Sambu lyt vera fødd paa Lag 1410 og ha full tikji Arven sin i di neraste Aarom ette han Halvard Alfsson fall av. I gamle Brev er han nemnt jemnan og de er full visst, at han va gjævaste Bonn-Mann i Dale i sine Daagaa. I 1478 fær han ny Go’kjenning ’taa ’om Kr. I paa di gamle Kongebreve paa Heimdal’n og saamaa-eins i 1483 ’taa ’om Hans Konge. Kem han Gunna va gjift me er ikje kunnogt, hell-ikje Døyar-Aare hans, men de maa felle umkring 1490. Han ha 2 Syni ette se, Iva og Ommon; døm vart samde um aa byte Søre Sambu me allt, som onde Garde laag, likt imillom se saales, at de fall 5 Hu’e Skjyld paa kaar. Han Iva Gunnason fekk Uppigard og han Ommon Gunnason Nigard; men no va de Uppigard og Nigard førr paa Nørdre Sambu, og for aa skjølja Gardann aat i dagle Tale, kalla Bygdafolke døm Uppigard-Sø’ og Uppigard-Nord, Nigard-Sø’ og Nigard-Nord. Byte i tvo ’taa Sygard ha vorte gjort 1490 hell lite førr og ette di Ækte me di saamaa klouv se, lyt kaar Grein føl’jast paa kaar sin Gard.
1. Gjæsling-Ækte paa Uppigard Sør-Sambu. Han Iva Gunnason er ette di, som no er fortalt, fyste Mann paa Uppigard ette Garden vart bytt. Gjifte hans er okjennt og