Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/307

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
V.
Gamle Ækte.
Gjæsling-Ækte paa Sambu.

Allt firi di Ti’om han Sverre Sigurdsson fekk Kongenamn, sat Gjæsling-Ækte paa Sambu og alle 5 Gardann, no er, va de Bele ei Eige. Førr er de gjete um (S. 48), at Gardann ska ha faatt Namn ’taa di Lesja-Verinn ha Fiske-Buinn sine ut-onde Gardom i Gamelti-Verd’n, Sand-Buinn, døm kalla. Men i di gamle Skjinnbrevom skrivst Gardann for Sundbu, og ette di ha de visst vore Baat-Sond ivi Otta ein Sta’n i Nerhaandom. Kanhende de va firi di Ti’n Sond-Brue vart bygt.

Kaa Leite Gjæsling-Ækte kom aat Sambu, er de ikje Utveg te aa kaamaa ette me, men de er all Von te, at ho sat paa Garde den Gongen Bygde vart kristna i 1121. Den fyste ’taa døm, som er namngjeve, er Lendmann han Ivar Gjæsling i Sundbu 1177; han va Lendmann hans Magnus Eiriksson og de er visst den saamaa Mann som i eit Skjinnbrev fraa ei seinare Ti’ er kalla „Ivar gamle Gjæsling“. Lendmanns-Verdogheite gjekk jemnast fraa Far te Son og difor kan ein halde for visst, at han Ivar „gamle“ ikje va nettup den fyste Lendmann i Ækten. Da han Sverre Konge i 1177 kom sø-ivi Dov’rfjelle og foor ette Dale ne aat Mjøsen, va han Iva Gjæsling der firi ’om me Mannskap for aa gjera Mot-Tak. Han va i Lag me tvo Lend-