Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/303

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 291 –


Trast ette han kom te-bygda va den store, nye Stugo paa Bjølsta uppsett og ho va de Skroudøl’n som innreidde, sia’ innreidde han mange nye Stugu paa Stor-Gardom i Bygden. De finnst enno att mykjy Arbei’ ivi heile Bygde ette honom, for Arbei’e hans va slikt, at de sto godt me Lag; de va sannt, de, som va sagt um han, at han va ein Kolv te aa „felle Ve’en“. Han kom me nye Gjerde paa mangt ette di, som va Motin i Trondem da han gjekk Læra. Firi honom va de mesta Narve-Døre[1] i alle Stuguhus, berre paa ei og annor Høgstugu kunde de finnast ei Spil-Dør, men da va de berre einn Spil i heile Dør’n. No kom Skroudøl’n me ei ny Gjerd paa Spil-Dørom, han gjorde døm me 3 jemnstore Spile. Glas-Ve’en hans va de ou ei lite a’an Gjerd paa, Glas-Strikken[2], han brukte, ga Smaa-Ve’e ein a’an Skapna og han va troustar hell den gamle. Skattolle hans va hell-ikje paa den Gjerde, som Maalar’n og Hellelykkjin brukte, han ha flat Koll i Sta’n for S-møna[3]; lengst ette Kolle, øvst paa, laag ei naagaa før, bein List og onde henna ei tunn, lite breiar List som va igjønom-skaare. Den Skurd’n va ikje Krill-Krot, men naagaa Figure han gjorde me Passare og som høvde godt di flate Skaap-Kollom. Han dugde ikje te aa skjera ut og naar han freista me Dølaskurde, bar de reint burt-i Veggjinn. Paa Smaa-Bord og Skjivo kom han ou me ein annor Gjerd; førr ha Skjivun jemnast baagne Stette, „Bukke-Føt“, døm kalla; Skroudøl’n gjorde døm me beine Stette som han svarva. Allt Arbei’e hans er lett aa kjenne att millom di andre og de meste er overlag vælgjort. Nugun Konstnar-Evne ha han ikje og Gjerde hans høve ikje væl attaat di gamle; vissa er de naagaa hal’t nymotes ve Skaape hans som ikje maata imillom Hus-Bona paa gomol Gjerd. For ei Ti’ sia va de nogre Matklukk-Taarn i Bygden, Skroudøl’n gjorde; døm ha ou ein oukjennd Skapna og likna Rysse-Taarn[4]. No finnst de full ikje att naagaa ’taa døm lenger, kaar væl-gjorde døm elles va.

  1. Narve-Dør: Dør som er ihopsett ’taa Bord, sett Kant i Kant me tvo Narve (Dragfisk, Labank) te aa halde ho ihop.
  2. Glas-Strikk: Listhøvl aat Glas-Ve’.
  3. S-møna Koll: Møne-Koll som gaar upp som ein S fraa kaar Si’e.
  4. Rysse-Taarn: „russiske“ Taarn