Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/299

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 287 –

Dag idag. Og no vart de aa hogge i me Smi’ing paa hard Vis.

Han festa att den Plassen i Rinnhøl-Grend’n[1], som Far hans ha begjyndt aa rødja, Leirflate, døm kalla, men de va ikje rar Jordveg enda – de va ikje Eingong eit Ku-Foor. For de fyste fekk de nok bli Smio aa leva ’taa. Og han Hans va ou baade traa og utheldin, den ra’føraste Sme’n, Bygde nugun Gong ha aatt, naar de galdt um. Me saamaa va de aa taakaa de Arbei’e, som bou se, Ljaa-Smi, Øks-Smi, Hestsko-Smi og kaa som fall; men ette som han Hans vart kjennd, vart de Laas, Skruv-Ste’ og vandare Arbei’ Folk tinga han te aa gjera, vidt og breidt. For be’re, lugumare og troustare Smi-Arbei’ hell hans Hans Leirflaten gjorde, sto de ikje te aa gjera, og saa de, at lova han ut aa gjera eit Arbei’, saa va de visst, aa faa de paa Dagen. Den Mann somla se ikje burt me Drykk, hell fjontra Ti’e fraa se, og Arbei’ va de nokk ’taa paa alle Lei’e. Han gjifta se um nogre Aar og detta va i di harde Ti’n som fall inn fyst i Tredeve-Aarom; de va Oaar tri hell fire Aar i Ra’ og mange lout skjøyte Grone me Maasaa og Baark for aa slite se igjønom. Jordegen paa Leirflaten va ikje enno stort aa leva ’taa, og i desse harde Ti’om galdt de aa leggje se i no, da han ha gjifta se att-paa. Men den onge Kjeringje hans va baade helsog og sterk og te-treiv som han va sjøl, ho ga se me ’om i Smiun og va me og rekte Ljaa, som ein full-før Kar. Og de skulde ingen seja, at de va stor Væl-Levna hjaa di onge Folkom: te Dugurds aat døm Maasaa-Grout ve Smiu-Stabbin for ikje aa misse nogor Ti’.

Men de gjekk ikje mange Aare, førr Utkoma deres vart be’re, baade ha han Hans jemn Fortenest me Smi-Arbei’e og saa veelte han um Heimen te kaar Ti’ saa han fødde nogre vælstellte Kjy da de lei’ paa. Ette som Aare gjekk mona de me Utkommun og da de lei’ naagaa lenger fram, va han Hans ein vælberga Mann paa Leirflaten, som bar te aa faa Pening te-beste. Men de va hell-ikje ’taa Inkje de kom – han sto i Smiun fraa Klukka 4 um Maargaan te Grouten kom paa Borde um Kvell’n um de

  1. Rinnhøl-Grennde ligg øvst i Heidals-Skogbygden, ne mot Rinn-Elven paa Vest-Sia’ aat Sjo’n.