Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/294

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 282 –

va bjerkt og som skjolda[1], og saa vart de den myrk-brone Bott-Leeten, som tok att ’taa di gamle blaa-graae. Me di skapte Malar’n ei ny Gjerd ette se ette di, han baade va ein Mann me go’e Gaavo og ein full-lærd Hannverkar. Fleire tok ette ’om baade me Snikker-Arbei’e og Maalingen, og no vart de „Veggjems-Gjerde“ som kom te aa raa’ ein Manns-Alder ette ’om.

Heime i Veggjem ha Miaalar’n ei Høgstugu som va upp-bona[2] me Bord og Stole, Spile, Skaap og Klukk-KKasso og mange andre fine og dyre Bonas-Ting. De meste ha han gjort sjøl men somt ha han kjøpt, og denne Stugo i Veggjem va um-taalaa ivi heile Bygde, de fannst nok ikje Maakan aat di Stugu-Bona’e i naagaa Bonn-Hus inna-bygdes i di Ti’om.

Maalar’n va ein Selle paa summe Gjerdinn, lonfengjin og seer og va snøgg te aa bli tykkjin. Drykken va han gjert paa og han, og han Ellan Li’n, va tvo go’e Par-Heste. Han liktest paa han Ellan og va ein liten, lett og veik Kar, men naar han va drukkjin vart han saa sterk, at han kjennde se go for aa gaa ei Kule me kem, de skulde vera. Og da vilde han endele prøve Magte si paa inkun; døm som kjennde han, let han faa golve se dugele, men saag stødt te aa plaage mest Live ’taa ’om fyst – de likte han framifraa. Han ha de me aa bli grusele laak i Brennvine[3] og da trudde han stødt, de vart Douin me se. Eingong han va go og full og bar te aa bli laak, senda han Bo paa Grannin sin, han Sjugurd Veggjem, de va full eitt og anna, han vilde faa han te aa rettlei’e ette se, naar han ha kvitta Verde. Da Mann kom i Dør’n, sa han Per: „Aa, eg kjenne deg ikje hell, no, Sjugurd!“ Ein a’an Gong ha han vorte liggjande i Koll-Legje ute paa Marken saa laak, at da trudde han de va trast gjort me se. Kammeratann hans tok og bar han inn att og mea’ døm bar han imillom se, ba han døm, aa sleppe se ne ei litol Ri’, mea’ han fekk andast[4]. I ei slik Ri’ vilde han ha Kjeringje si te aa syngje aat se: „Syng Gudskjelov no, Ymbjør! – ho staar i Tomas Falster,“ sa han.

  1. skjolda, aa skjolde: ruve, brikje, fell i Ougunn.
  2. upp-bona: „møbleret“.
  3. laak i Brennvine: kleen ’taa Drykkje.
  4. andast: gjeva upp Aande.