og halle se att-paa Sengje ei Stonn; naar han saa tok de att, lout de te, um de va alder saa ubeint og rang-snutt.
Han Ellan Li’n dø i 1860 da han va fire Aar paa fjorde Tjuge.
4. Han Lars Brustugun va nogre Aar eldre hell han Ellan, Bror sin. Han fekk Hog te aa lære Sylvsme-Arbei’, men kem han lærde ’taa, er de ingor Greie aa faa um, helst va de full ’taa ’om Hans Storhaagaa, den Ti’e, han Lars budde heime i Langrusten. Elles lærde han se de meste sjøl, men Sylvsme va han ein me di beste, som Nugungong ha vore her i Bygdom og han gjorde Bringsølju, Dings-Knappe og Spenne saa fine, at de va ikje be’re Arbei’ døm gjorde Sylvsmeann i By’n. Og Amboe, han Lars ha, vilde ein a’an Sylvsme vorte reint umkomin me.
De va paa saamaa Gjerde me ’om Lars som me ’om Ellan Li’n, de vanta ’om baade Fødtl-Vet og Framferd og meir hell eitt Hannverk foor han me stødt, han Lars, ou. No va de full saa, at Sylv-Arbei’e i Bygden ikje rokk te Aare rondt for honom, men han gjorde saa fint og vakkert Arbei’, at de ha vore ovandt aa selt de utta’-bygdes, men de ha ikje han Lars Framferd te. Lange Ti’in dreiv han me aa draagaa Staal-Traa’ som han ba’tt Harpe-Binn og bøygde Hekte ’taa. Og imillom gjorde han Fiske-Ongle, Skomaakaar-Syle og slike Smaating som han selde saa mykje, han kunde gjera ’taa, for alle Skomaakaarann vilde ha Syl-Spete hans og Fiskarann fekk ikje saa fengne[1] Ongle, som di, han Lars gjorde. Harpe-Binnde[2] hans va de ou go Avgong paa og saa slutta han, aa kalle for me Sylv-Arbei’e og foor me Staal-Traa-Draaging og Staal-Traa-Arbei’ i Sta’n. Jou, saa vilde han leggje iveg me eit stort Verk ve Mela og draagaa Staal-Traa me Vass-Magten; han Ola Haakaasta laante ’om 12 Dale aat Drivten og saa sette han upp eit stort Vass-Hjul og fekk Staal-Traa-Verke sitt ferdogt. Og de va væl-gjort saa de gjekk baade lett og snøggt aa draagaa Staal-Traa’n, slik han vilde, baade grov og grann; men da han ha halde paa ve Mela eit Aar hell tvoug, saa vart han lei de og la ne att heile Verke