att Børs-Smie ette Far sine. Han Ellan va ein go Hannverkar og Arbei’ ha han fullt upp fraa alle Bygde, kanhende enda meir hell Far hans. Og Haglo gjorde han ein Mengde ’taa som ha godt Ord paa se. Men han ha likevæl ikje ervt Hugue aat Far sine, korkje de gløgge Ouga hell den støe Hannde og Gravstikka kunna han inkje bruke. Naagaa Arbei’, som de va Konst me, vaaga han se difor alder te me.
Han Ellan fekk ein heil Hop me Gute, døm va ikje mindre hell otte paa Tal: Per, Gottorm, Lars, Eistein, Tord, Ola, Hans og Ellan. Ette han Ellan Langrusten va mykjy te-aars komin, kjøpte han Nistugu Haamaar paa Lalm og fløtte dit me alle Gutom sine saaner som den nest-eldste, han Gottorm, han vart ve Langruste. Da han Ellan ha vore nogre Aar paa Haamaar bytte han se aat Øver-Li’n i Ottdale og der budde han te han dø umkring 1825.
Mange ’taa desse Gutom hans Ellan Langrusten ha ervd naagaa ’taa Konstnar-Gaavom aat Bestefare og godt Hann-Lag paa ei hell annor Lei’, ha døm alle. Denn, som heldt ve me Børs-Smie, va han Tord, men denn, som likna mest paa Gamel-Langrustin, va no han Ellan, den yngste ’taa di otte Gutom.
3. Han Ellan Li’n. Han bar te aa smie trast han va saa go, at han lyfta Smiu-Haamaar’n og da han slapp fram for Prest va han full-go Sme. Eitt ’taa di gjildaste og væl-gjordaste Skruv-Ste’om som finnst i Bygden, smidde han Ellan da han va 18 Aar og de syne se ikje for aa vera naagaa Nemings-Arbe’i, skulde døkk sjaa. Men Børs-Smi vilde han alder faast ve, de va han imot; nei, da tykte han de va naagaa anna, aa smie Laas, antell de va Innlaas hell Hengjelaas og da han va i Tjuge-Aars Aldre, va han spord for aa vera beste Laas-Sme’n i Bygden. Men de va no eitt anna Arbei’, som sat i Hugue paa ’om Ellan, ou.
Dette Bele, paa-lag 1812, bar de te aa kaamaa Stugu-Klukko inn-i Bygde og alle Gardmenn, som saag se Utkomme te di, kosta se eit Ott’daagaas-Verk; førr va de berre Presten og Skrivar’n og paa summe Stor-Garde som aatte Stugu-Klukko og døm va no arbeidde utta-lands. Paa Lesja va de tvo Klukkmaakaare, Ølsta-Karann og paa Lom va de ein fraa Stourust, døm gjorde mange