Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/263

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 251 –


va gjift me Syster hans Rasmus Olsson, va fødd 1775 og gjekk Læra hjaa ’om Rasmus. Han ska ha gjort paa Lag 100 Klukko som alle va sporde for, aa vera støe te aa gaa og vuruge. Men han kunna ikje aa bruke Gravstikka paa den Gjerde, som Mestar’n sin, og difor er di meste Klukk-Talskjivunn hans maala. Han kjøpte Gard’n El’sæter i Lom og der er Ækte hans enno.



Han Frik To

va paa saamaa Alder som han Ellan Li’n og fødd i To i Ottdale paa-Lag 1795. Da han va 14 Aar gowol vart han lamin i vinstre Haann og ho va onøytog, allt han livde sia’, han heldt stødt den doue Haande ne-i Brok-Lummun. Men lell vart han go Klukkmaakaar forutta aa gaa i Lære; han va i nogre Daagaa hjaa ein Klukkmaakaar i Faaberg, de va heile Upplæringje. Delskjiva og allt Verktye han trongde, arbeidde han sjøl og naar han smidde, heldt han Smiu-Tongje millom Kneom. Han Frik To va full-go Hannverkar og Slagklukkunn hans va i kaar ein Sta like saa godt arbeidde, som hans Ellan Li’n; allt ihop gjorde han umkring 70 Slagklukko og ein Mengde Visarklukko[1]. Paa Tofte paa Dovre gjorde han ei stor Taarnklukke og ei annor ei ’taa saamaa Slagje kom aat Røyros. Han tente godt me Arbei’e sine men han va hoga te aa drikke og Forteneste gjekk te att paa den Gjerde; men saa ha han Fø’raa’ i To han livde ’taa, og Louskar va han te sin Døyan-Dag.



Han Knut Mo

fraa Nord-Sell va framifraa go Timbrar og bygde Sells-Kjørkja i 1742 og Heidals-Kjørkja 1751; da han sette upp Heidals-Kjørkja ha han me se ein a’an Sell-Ver heitte Jo Hansson Laargards-Mo og han va ou glup Timbrar. Han Knut Mo va Husmann onde Romongard og naagaa meir er ikje lenger kjennt um denne Mann.

  1. Visarklukke: Klukke som berre vise Timann men ikje slær.