Upp-me Rinndun, beint ne-onde Trollhø’n, ligg de ei stor Laan[1] me Sætre som kallas Ransverk. I ei ’taa di Sætrom va de Eingong, langt atti Verd’n, at Bufaardagen va kome, Bufaargrouten ete og Budeia paa Heimvegen tikji me Bølingje. Tenestguten som va burti-gjord og skulde taakaa døm heim, ga se att ei Stonn og vilde stelle ber’e fraa se eitt og anna førr han reiste ette me Kløven.
Da de lei ivi Høgstdag[2] va Guten ferdog og skulde te aa leggje upp Panke-Kløve si, men de vart grovt te Brøkjan[3] – kaarles han bar se aat, va han ikje Kar te aa faa upp meir hell eine Meisen. De va ikje de, som gjorde de, at Øyken hans ikje sto onde Kløvstave[4], nei, Øyken sto stø som ei Brur, hann, men saa snart som han skulde lyfte upp andre Meisen, va de likesom naagaa skulde slii onda Kløvstaven saa Meisen domp ne-att. Han stræva me dessa Gong paa Gong te han sist vart reint upp-gjevin; han kvilte og tok te att, kvilte og tok te att, men de va upp-att de saamaa. Naagaa slikt ha alder henda ’om førr. Da han ingen Veg kom og de allt lei’ ivi Nons-Leite, tykte han de vart forseint paa Dagje aa kaamaa ivegen og saa vart han i Hogje te aa gje se te Natte ivi, saa kanskje kunde de skaapaa se me aa faa upp Kløve, ou.
Um Kvell’n da han va ferdog te aa leggje se, kom de inn ei gomol, stygg Kjering me ein spøkje lang Naasaa og ho gjekk og leidde me se ei reint offsa vakker Jente. Kjeringje sporde Gut’n, um denna Jenta kunde faa Hus hjaa ’om og faa liggje fram-me ’om i Sengen um Natte. Guten vart no reint hann-fullin paa detta, maa’ta, for saa vakkert Kvinnfolk tyktes han alder aa ha seett førr og difor svaaraa han, at de va no full ikje Aalvor, at Jenta vilde liggje fram-me honom. Jou, ho vil nok, sa Kjeringje og me di gjekk ho sin Veg. Ja, Jenta ho lagde se hjaa ’om og sov baade fast og role um Natte. Tile um