Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/257

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Han Jakup To

i Ottdale dreiv mykjy me aa

Fig. 21. Apostel-Kanne ette Jakup To. Sandvigske Samlinger.
gjera Ølkanno han skar di tolv Apostlann paa; han va naagaa eldre hell Kjørrin og va paa sitt beste umkring 1740. Nugun stor Konstnar va han ikje, men han tente godt me Apostel-Kannom sine og ha att paa Lag 1200 Riksdale ette se, da han fall av ve de Bele Skriunn gjekk. Han va ogjift. Um de er han Jakup hell ein yngre Mann fraa To, heitte Sjugurd, som ha skaare ein Mengde me Øl-Trøyse som finnst att i Bygden, er ovisst; døm ha Rokokoskurd som ala se overlag væl og summe ’taa døm er rettele vakkert Arbei’.

Han Frik Snikker

budde paa ein Heim heite Øygard’n i Ner-Heidale; ette di, som er kjendt um han te no, maa han vera fødd paa Lag 1750 og livt te 1850. Han ha vore ein go Snikker som gjorde framifraa troust Arbei’; de er att mange Stuguskaap ette ’om i Heidals-Gardom, Hengjeskaap, Bostkast[1] og Rulla-Gongje. Utskurd’n hans er ikje saa rik hell saa fin som paa Sæterdøls-Skaapom, men han er overlag høvele og andsynle; han ha faatt Rokoko-Gjerde i se og den kjøm fram i mest alle hans Arbei’. Paa Heidals-Kjørkjegarde er de att nogre Gravsteine ’taa Klebber, som er vakkert skaarne og ette Gjerd’n og Lagje paa Skurde, skulde døm vera ette ’om Frik Snikker, men de kan ingen seja de for Visse.

  1. Bostkast: Hannklæ-Skaap; Namne kjøm se ’taa, at Bostin (Borstin) stødt ha Rumme sit i di vetle Skaape.