Ei Ti’ bakette fekk Klukksta’n høyre, at Kjørrin ha gjort Altartavle aat Sells-Kjørkjun og da sa Klukksta’n di Orde: „Ja, han gjekk og stal Konste fraa meg som ein a’an Skjelm.“
Han Eistin Gottormson Kjørn er fødd paa Gamel-Sambu i Bre’e-Bygden antell i 1722 hell 23; Far hans aatte Sambu men de gjekk ut me ’om og ikje mange Aar ette han va dø, i 1733, vart han Ola Slette ve Gard’n og eldste Son fekk ein Plass onde Slette kallast Revshougen, di namnsporde Revshoug-Karann va Syninn hans. Men han Eistin kom aat Kjørn og vart buande der. Da han ha skaare Altartavla aat Sells-Kjørkjun, bar de te aa staa Ord ’taa ’om og Bygdafolke heldt han for ein stor Mestar, som ikje ga Klukksta’e ette; Løvunn uppivi Songhus-Dørn i Sells-Kjørkjun va reikna for eit Mestar-Verk; han va i Nigard-Bu da han skar døm og de ha vore hermt kaa han sa, da han ha ferdog eine Løva. Han klappa ho paa Ryggen: „Jongen i meg, er ho ikje vakker og ronn paa Ryggje, lell!“ sa Kjørrin.
I 1764 gjorde han ny Preikstol og Altartavle aat Kvikne-Kjørkun; de er di beste Arbei’e Kjørrin gjorde i sitt Liv. Døm er heilt ut ei go Etterherming ’taa Preikstole og Altartavlun i Heidals-Kjørkjun, men de vise se væl, vissa paa Altartavlun, at de ikje er Klukkska-Arbei’. Paa Lag saamaa Bele, kanhende nogre Aar førr, skar han Krill-Krot umkring Altartavla i Vaagaa-Kjørkjun og Kroten i Songhus-Dørn; ho va so snou aa sjaa paa, Altartavla der, tykte døm, førr ho fekk den store, grove Krill-Kroten umkring.
Um Vaaren 1781 kom de 4 Brør fraa øvre Melby i Heggje i Valders ivi Fjelle aat Heidale paa Fehandel; døm ha gaatt paa Handel i Bygden i fleire Aar, men denne Gongen ha døm hulde paa aa skulde sett Live te paa Fjelle. Døm fekk Stygge-Ve’r paa se, misste Lei’e og lout liggje Natte ivi i ei Dokk de sto naagaa Vi’-Kjørr i, der fekk døm endele upp Varme me stort Stræv saa døm saavidt berga Live. Um Morgon freista døm aa finne rett Lei’ att, men Ve’re va like gale og døm lout liggje i Vi’-Dokken den Natte, ou. Treja Dagen gjekk de saamaa-eins, døm fann ikje Lei’e da hell, og lout slaa se te att i Vi’-Dokken um Natte. Da laavaa døm ut, at disom Vorherre hjaal’te døm utu Nø’n, døm no va i, vilde døm gjeva kaar sit Ku-Verd aat Heggje-Kjørkjun. Og um Morgon ha Ve’re bli’ga se saa døm fann Lei’e