Um Live hans Sjaak-Ola elles veit Bygdafolke no lite aa fortelja; han skulde liva si Ti’ i ein Plass onde ein ’taa Sjaak-Gardom. Denne Plassen heitte den Ti’e Teig-Roe og ette honom va han kalla Teig-Roin; no er Plassen ein Gard og heite Teigom. Men um de er lite Bygdaminne ha gjøymt paa um Live hans, vil han alder bli gløymt saalengje, de er att naagaa ’taa Arbeiom ette ’om, hell saalengje Norddøls-Skurd’n er i Bruk.
Den største Mestar’n ’taa alle Treskjerarom i Loms-Bygdom va han Jakup Bersveinsson Klukksta og ingen i heile Gullbrandsdale ha naatt saa høgt me Konsten, som han, og di beste Arbei’e hans er saa go Konst, at de ska faa leitast ette di, som kan sejast aa vera enda be’re.
Klukksta’n er fødd imillom 1710 og 1720, paa Lag 80 Aar seinar hell Teig-Roin; Baa’e Foreldre hans va fraa Sjaak, More skulde vera fraa Garde Sjaak, kaar Far’n va fraa i Bygden er okjennt, for de er me honom som me Teig-Roa: Live hans er lite granska og difor lite kjennt. Foreldre fløtte aat Lesja førr han Jakup va vaksin og brukte ein Gard onde Prestgarde, heitte nørdre Klukksta, der sat døm Husmann si Ti’. Ette han Jakup vart vaksin va han te kaar Saamaar i Sjaak paa Snikring, Treskjering og Maaling og han ha nok faatt godt Ord paa se for Arbei’e sitt, da han vart naagaa meire te-kome. For da de vart bygt ny Kjørkje i Sjaak i 1744–45 fekk han Jakup Innrei-ingje og gjorde Preikstol’n, Altartavla og Løvunn upp-ivi Songhus-Dør’n. Fire Aar lenger fram-i Ti’n ha han skaare ferdog Altartavla i Lesja-Kjørkjun, ho har Aarstale 1749. Paa den Altartavla si’ summe, at han arbeidde i 10 Aar, summe 6 og andre 4; de siste er nok de vissaste og enda ha han full gjort andre Arbei attaat. De ha gaatt ein Fortalna paa Lesja um, at Bøndann laavaa ’om Jakup, at han skulde faa nørdre Klukksta te Odel og Eige for han gjorde Altartavle aat di nye Kjørkjun. Men da de gjekk i Herdingje va’t døm se fraa di; saa ha vore sagt, kaar sannt de er, kan vera