Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 12 –


døm ringde kom Honn att, andre Dagen kom eine Skraae[1] aat Jentun og no fekk døm go Von um, at Jenta sjøl snart skulde kaamaa att ou. Men ho kom ikje og da døm ha ringt treja Jemdøgre, lout døm gjeva se. Jenta va burte og vart burte saa døm alder saag ho paa Heringsta meir.

Mange Aar derette va de ein ong Gut, Bror hell Halvbror aa Jentun, som gjekk paa Øykje-Leiting burti Mug-Fjelle. Me di saamaa han kom uppaa høgste Mughalsen, raakaa han saa stoms[2] eit framont Kvinnfolk han alder førr ha seett. Ho ga se i Snakk me ’om og sa ’om, kaar han skulde finne Øykjinn sine og saa fortalde ho, at ho va Syster hans og at ho va den Jenta, som vart burte paa Heringsta Eitt-Aare. „Ha døkk ringt ette meg ei halv Matlag-Ri[3] te,“ sa ho, „saa ha døkk faatt meg att, men da ha eg alder vorte korkje te Hogna hell Gagn meir, korkje for meg sjøl hell andre. No kan du helse ’om Knut Bagge, at eg har de saa godt minn Mondag, eg, som døm sinn Juldag, men de eg syte for er mi Sæl[4] og Saligheit. Idag har eg Gjestbo’sdagen min, eg og Mann min ska fløtja ut-i Skreibergje ut-me Mjøsen. Er du hoga te aa sjaa Bru’-Ferde, saa er de berre du skjer upp ei Jord-Torve paa ein jordfast Stein og legg ho rang ne-paa Krona di. Da ser du oss; Mann min, ska bli, ri’ firi og han er oukjennd me di, han har saa gjill Naasaa.“ Da ho ha sagt dette kvorv ho burt for Ougom hans.

Guten gjorde ette som ho lærde ’om og um ei litol Ri fekk han sjaa heile Bru’hopen kom ri’ande ivi Mughalsen. De va ei lang Rei’, alle ha svarte Heste me Ormehugu-Beks’l og mykjy Blankt paa Salom som glema og blenkte i Solskjene. Fremst rei’ ein blaaklædd Kar me ein Naasaa som rokk ne-paa Salknappen.



Bess-Leiken.

I ei ’taa Bess-Sætrom, um eg minnis rett, saa va de i Sannes-Bessun, laag de Eingong tile um Vaar’n tvo Kare, som skulde sløe Møkje, rødja Kvee og vele um Hafellunn og slikt meire

  1. Skraa: Sko.
  2. stoms: braatt, tvert.
  3. Matlag-Ri: saa lang Ti’ som de vaaraa aa eta se mætt.
  4. Sæl, uttaalast no: Sjæl, men for tvo Manns-Aldre sia sa alle Sæl.