Han Johan Storm va ein ’taa di beste Prestom Vaagaa ha
havt og han laag ikje paa Lat-Sia me aa røkte Kalle sitt paa alle
Lei’e. De va ikje nettup den beste Gjerde paa Live i Bygden, da
han kom her; de ha ouka fælt paa me Drykk og me honom fyl’de
de Lous-Livna og mangt anna Illt. Dette let ikje Storm haa
Gonga si o-endsa; han heldt ein Kjørkje-Aagaa, som ikje va te aa
spøkje me, men de er Oskjeel aa skulde han for, at han va for-hard
ve Sokne-Bone sine. Og saa va de de go’e me Kjørkje-Aagaa
hans, at han let alle faa drikke den saamaa Skaale, antell de va
Høg hell Laag. Um de saa va ein høg Offeser, som laag i Olivna,
saa gjekk han ikje meire fri hell andre, hjolp ikje di Karann va
ikje go’e aa draagaast me i di Daag’om. ’Taa all hans Ferd, syne de
se, at han va ein rett-tenkt og rett-vis Mann som gjorde Aalvor
’taa aa bera Umsorg for Sokne-Bonom sine. Den store Prestgard’n
dreiv han ou godt; de va lite me Husrum i Prestgarde den
Gongen og difor sette han upp den tvihøge Stugo, som enno staar
og som er kalla „Gullbran-Kammerse“. Fram-me henne stellte han
te ein Haagaa me Stakall-Verk[1] umkring. Storm va ein liten,
kverv, lettliva og go-vorin Mann; heime i Huse va han gla-verd
og song saa vakkert. Eit ’taa fyste Aarom ette han kom aat Vaagaa
misste han Kjeringje si og ette henna ha han att tri Bon, ein
Son som heitte Aksel og tvæ Døtt’; den yngste Dotteri, ho Kristine,
vart fram i Ti’n gjift me Ette-Manne aat Storm, han Peter
Munk. Storm gjifta se upp-att me ei Skrivar-Dotter fraa Øvre
Romerikje, ho Ingeborg Birgitte Røring, og me henne fekk han
ou 3 Bon. Den eldste ’taa døm va Diktaren fraa Vaagaa, men
den yngste, ho Gidsken Edvardine, lyt ou nemnast, ho vart gjift
me Apotekare i Bern, heitte Bull, og vart Bestemor aat de namngjetne
Storspellmanne han Ola Bull.
Heime i Vaagaa-Prestgarde va han Edvard Storm i Upp-Vekste te han va tolv Aar, da vart han havd aat Kristian i Skule. Den gjekk han igjønom paa tri Aar og fekk overlag te go’e Skaa’smaal. Og no bar de aat Kjøpenhamn me ’om da han va seksten Aar gomol, for de va Meiningje, at han, likesom han Aksel, Halvbror hans, skulde studere te Prest. Men da han ha
- ↑ Stakall-Verk, utt. Stakeill-Verk: „Stakit“.