Paa-lag i 1855 kom de tvo Engelsmenn aat Gjende som han
Jo vart verande mykjy te-samen me. Den eine heitte Mr. Rathbone
og den andre Mr. John Blackwell; dessa tvo Karann ha
reist vidt i Utlandom og seet Natur’n baade i Italien og i Sveits.
Men da døm kom aat Gjende, tykte døm saa overlag um Høgfjells-Natur’n
der, at døm sette han framum all den andre, døm
ha seett baade i Italien og i Sveits. Og han Jo Gjende lika døm
hell-ikje mindre, døm vart saa figne baade i honom og i Nature, at
døm vart verande ve Gjendesosen radt te Jul-Leite. Som hann
livde, me Skjoting og Fisking i Høgfjelle Aare umkring, de va de
gjildaste døm kunde tenkje se og han Jo vart te eit Firi-Bilæte
døm tok ette paa all Vis. Døm lærde se Vaagaa-Maal, klædde
se paa saamaa Gjerde som han Jo og tok ette ’om i Snakk og
Tale, Banningje hans, tesmeir. De va i Bu’n hans Jo døm
aag og ha me se ein Tenar, Mr. Balmat fraa Sveits; den
namn-kjennde Fjellmann, han Peter Tronhus fraa Vaagaa, ha
døm ou me se. Men han Jo lout følgje døm stødt, antell døm
fiska og skout hell døm vilde uppaa Tindann og Toppann. Baae
tvo dreiv i hardaste Lage me aa herde Kroppen sin; ette Isen la
se paa Gjende og Snjogen va kome, hogde døm Hol paa Isen,
maakaa Sujog ne-i og louga se i Snjo-Vatne kaar Maargaa.
Rathbone gjekk stødt forutta Hugu-Plagg og ha berre eit Bann
hell ein Hyssing umkring de lange, ljose Haare sitt. Dette va aa
kalle di fyste Utlenningann som kom aat Gjende og Folk i Bygden
krossa se ivi saa rare Menneskjo, som kunde finne Hogna og
Moro i aa bu ve Gjende, svarte Vinter’n. Og da de spordest,
at døm louga se paa Ise, at Rathbone aat My’lap og at han
aat Røyskatt, steikt i Smør, da rista Folk paa Hugue og ondrast
paa, um døm ha Allt[1]. Han Jo Gjende tykte nok ou, at døm
mang-ein Gong va tvo onderlege Selle, men de va gjilde Kare,
lell, som de va baade Mon og Gagn i. Døm kunde fortelja ’om
um Folke og Natur’n i Utlandom og døm kjennde baade Voltaire
og Volney, Tomas Payne og mange andre, som ha skrivi um de
saamaa. Og saa ha døm den saamaa Elsken[2] aat Fjelle og di
frie, o-bonde Live paa Fly og Flaagaa, som han Jo sjøl ha.
Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/216
Utseende
Denne siden er ikke korrekturlest
– 204 –