Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/212

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 200 –

deres. Baae tvo ha ikje naagaa anna att for de, hell de, at Hate og Misstrue hans Jo voks ette.

Bok-Lærdommen hans Jo, som de sto Ord ’taa, va ette di, som førr er nemnt, ikje mykjy stor, men me di go’e Minne sine ha han sanka se meire Kunnskap hell Ein den Ti’e raakaa hjaa o-lærde Bonn’folk. Sjøl aatte han berre nogre faa Bøk, de va: „Hollbergs Komelie“, „Levnes-Løpe“ hans, „Peder Paars“ og „Moralske Tanker“. Saa ha han „Ruiner“ ette Volney, tvo Band ’taa Bøkom hans Adam Smith og „Sundheds-Katekismus“ ette Gamel-Preste – L. B. Fietzentz. Dette va heile Bok-Eiga hans. Han ha stor Hog te aa sanke se Kunnskap og den ouka han, kanhende mest, ve aa kaamaa samen me lærde Folk og ’taa Samvere me Borgermester Carl Fougstad, Oberst Wergeland, Forstmester Barth, Engelsmennom Blackwell, Ratbone, Bamforth, og fleire te, lærde han Jo mykjy. Aviso laante han hjaa andre og mang-ein Gong va ei gomol Avise, Kremar’n ha balla umkring inkort han Jo kjøpte, eit heilt Brunn me baade Kunnskap og Moro for ’om.

Volney og Hollberg va den kjæraste Lesna’n hans og utu Bøkom deres kunde han herme heile Si’a ut. ’Taa Bøkom aat Hollberg tykte han best um „Komelie“ og „Peder Paars“, „Moralske Tanker“ heldt han nok for aa vera ei maakaalous Bok, men han tykte „at Hollberg ikje ha tords sleppt se saa vidt der, som han ha vilja“. I Volney las han te kaar Ti’, „de er mest ikje einn Dag mindre eg les ei Si’e hell tvæ i dessa Boken,“ sa han. „Hollberg, Voltaire og Volney –, de er di tri største Hugu’e som Jorde ha bore,“ de sa han meir hell ein Gong, og kem som va den største ’taa døm, va han jemnan i Tvil um. „Hollbergen“ va nok elles Grumguten, for hann hermde han stødt, naar de galdt aa gjera full-visst de, han Jo ha paa Talun, „si’ Hollbergen“, sa han og naar han ha sagt de, va de ikje meire nugun Tvil. „Eg veit mest ikje, kem som er den beste ’taa Hollbergje og Voltaire; Voltaire gjekk vi’are og yttra se friare, men saa ha han be’re forr ou, han, som fekk sitja hjaa ’om Stor-Frik[1] og skrive, kaa han sjøl ha Hog te. Hollbergen lout sjaa se um me kaa han

  1. Stor-Frik: Fr. II i Preussen.