Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/199

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 187 –

eit lite Stykkjy fraa Hovdae, som er neraste Grannin. Di neraste ’taa hine Skogbygds-Gardom er paa-lag ei halv Mil onda. Da han Jo fløtte paa Gard’n, va de ikje saa rart me Hus der; men de va gjill Skog som høyrde te, like inn-paa Husveggjinn, og saa bar han Jo te aa byggje. Da han ha vore der i nie-hell-tie Aar, ha han sett upp ny Stugu, ny Laave, Stell og Smiu, sia sette han upp Fjos og Stabur og veelte um att den gamle Stugo som sto der førr. De va høvlege Hus, han sette upp, paa den go’e, gamle Gjerde.

Bruruste er ein liten, tyle Gard som ligg saa live[1] og vakkert te inn-i Skogje, der, som Sjodal’n og Murudal’n møtes. Huse staar paa ein jemn Flate og utta’-for hella Jorde ha’le bratt ne aat Sjo’n, ho renn ut-onde Garde, saa Sø’gen ly’es inn-i Stugo. Oust ette, saa langt du eigna aa sjaa, ligg den flaae, brei’ee Murudal’n me di store Skog-Moom sine og nora-aat honom ris Heidals-Mugjin te-ve’rs, han ruve saa brei og røsle fraa Brurusten. Midt for imot Sø’ ligg de eit vakkert Leite ’taa Refjellom og ut-onde Jorde glytta de paa Sjoe igjønom Skogen; de er saa fre’elegt og stilt i Brurusten, at den, som lika Stilla og Skogen og Fjelle, alder kunde velja se eit lugumare Stelle aa bu paa. Og Gard’n va nettup som han skulde vore etla aat ’*om Jo Gjende, paa alle Vis: han laag saa langt onda Bygden, at han va utu di Oro’n og di Mase, som følgje Live i Bygden og no va han Jo saa vann vorte me aa vera sin eigjin Herre, at de va ’om umogle meire aa trivast i ei Bygda-Grenn. Og ikje laag Gard’n has meir i Fraa-Ve’re, hell de va gjort paa ei Øgt aa naa ne-i rette Bygde, di Gongann de trongdest, og neraste Granninn va ikje meir hell nogre Stein-Kast onda og hjaa honom kunde han faa kjøpt se den Mjolkje og den Sugl-Vara, han trongde te kaar Ti’ aat di endeframme Mat-Stelle sine. Men lugumast va de me di, at de va høvele Veg aat Gjende fraa Burusten; gjekk han i go Ti’ ein Dag, saa kunde han vera inn-paa Hol’om[2] hjaa Reine hinn Dagen. De maata godt me ein-a’an all Vegen og difor trivdest han væl paa Garde sine, da han va komin i

  1. live: lognt, i Livd for Ve’r og Vinn.
  2. Hol’om, Hole: Kvølvann og Botnann onde Tjønnholtinde og Knutsholtinde paa Gjende-Sia.