ikje mange, som sto ut me aa halde Følgje me ’om i hans beste Aar. Og alder vilde han ha Lumm-Kost me se; saag han nugun ha Mat me te-fjells, likte han de ille. Døm, som kjennde te dessa, stal me se Mat og stal se te aa eta saa ikje han Jo vart var di, for ingen, som va i Følgje me ’om, ha Hog te aa gjera ’om imot.
Vei’ingje hans Jo Gjende va ikje nettup mykjy aa leva ’taa, paa den Visen han dreiv ho. De va berre eit Hende, at han selde eit Skrøtt, for han ga burt de meste Reins-Kjøte, antell aat andre Skjyttare, han raakaa, hell aat Bygda-Folk og Kjenninge. Hu’inn og Hønne selde han og døm fekk han godt betalt. Rupe selde han ikje lite ’taa di Aare han laag ve Gjende um Vintrann. Men allt han tente me Riflun og myky meire te, skout han upp att i Krut og Bly, for Lo-Tye va han hard paa. Ikje berre te di, han øydde upp paa de Ville, men de meste gjekk me te aa skjote te-maals og te aa prøve Riflunn sine. De gjekk mest ikje ein Dag i Aare, mindre han skout inkort Skote te-maals og saa kjøpte han jemnan nye Riflo hell bytte og handla me døm. Han sa sjøl, at han visste ikje Tal paa alle di Riflom, han ha aatt og han trudde, at han ha havt mest kaar ei Rifle i Bygden, som va verd te aa bera te-fjells. Fleire Gongo va han utta-bygdes og kjøpte Riflo, han ha faatt Spord-Lag ’taa. Og naar han fekk fal ei, han lika, saa va han ingen Smolo-Graakar te aa betale. Men mest alle han fekk i, vart han snøgt lei ’taa og gjorde oftast av me døm att.
Dette kom se ’taa di, at den Ti’e, han Jo gjekk mest te-fjells, va de berre eit Hende aa faa Tak i ei Rifle som baade va viss, senle grov og som heldt ut nogor Ti’. Her i Bygden va de ingen full-go Børs-Sme’ de Bele, og di Riflunn som fannst va antell gamle „Murbrekko“, „Smaalands-Røyre“, ei og a’an „Langrustpipa“ hell „Østerdølsriflo“[1]. Østerdølunn va di beste, for døm
- ↑ „Murbrekko“ og „Smaalands-Røyre“ va gamle upp-att gjorde Sylater-Børso fraa Ti’n hans Cr. IV. „Langrustpipunn“ va Riflo han Per Langrusten arbeidde. „Østerdøl’n“ va ein Børs-Sme i ei ’taa Østerdals-Bygdom som livde millom 1680–1760 paa Lag. Han heitte Engebret Engebretsson og ha vore ein framifraa go Hannverkar, paa sin Vis eit slikt Arbei’s-Hugu som han Per Langrusten.