va han lang, bein og brei, tverr-eksla og stutt-halsa, Føt’n va stutte te-kne’s men Laare va lange, føre og væl-skapte, han ha ein overlag stout Vokst og i beste Aldre va han ein ’taa di røslegaste du saag i ein Folke-Mugje.
Han ha godt aa ækte paa onu, saales, te baae Lei’e, han Jo. Paa Far-Sia va han ’taa Kleppe-Ækten og Lang-Go’fa hans va ingen mindre, hell han Sterk-Tjøstol Kleppe. Og ikje va han ’taa Kot-Elde[1] paa Mor-Sia hell, for Mor hans va Syster hans Per Horgje i Heidale. Difor va ikje han Jo Gjende stolin utu Ækten korkje i Magt, hell i Vokst. Førr er de fortalt naagaa baade um Far-Folke og Mor-Folke hans og meir er de aa finne lenger ut-i desse Boken. Far hans Jo va Gard-Mann paa Sygard-Kleppe og bleiv paa Lalmselven da han Jo va berre tri Aar. Allt han minntes um Far sin va de, at de sto som ein Draam for ’om da han vart ut-songjin paa Kleppe: „han laag i Lik-Kjistun i Rou-Huve, ha kvite, rett-og-range Hoso og roue Hoso-Bann.“ Nogre faa Aar ette dø More ou, og Bone kom burt aat Folkje sine i Bygden nugun-kaar Sta’n, for Far deres ha styrt saa utu paa Kleppe, at Gard’n lout setjas burt i mange Aar. Mo’syst hans Jo, ho Minste-Marit Horgje, va gjift aat Heringsta i Heidale; Mann va dø da han Jo vart mor-lous, men ho sat att i stor Vælstand paa di gjilde Garde og aat henna kom han Jo i Huse da han va nie hell tie Aar gomol.
Hjaa Mo’syst sine paa Heringsta va han Jo for einingen i mange og tjuge Aar; ho va ei go Mor for ’om paa all Vis og difor ha han ou stødt berre Godt aa seja um ho, naar han tok ho paa Namn. „De va ei glup Menneskje!“ sa han, „de fannst ikje slik Kjering ette heile Bygden, som ho Marit va!“ Og han Jo skjikka se væl, han vart ein paa-passog og drivandes Arbeis’-Kar, da han vart vaksin, og laag i me Gards-Driften seint og ti’le saa han tok mykjy Hugsotte ’taa Mo’syst’n sine paa den Lei’e. For da ho saag, at han Jo baade ha godt Skjøn og va litande paa, slepte ho Gards-Styre paa han og han va Raa’s-Kar paa Garde i lang Ti’. I di Ti’n kalla Folke han „Jo Heringsta“
- ↑ Kot-Elde: Van-Trivnige; Kot: Van-Trevna, Elde: Slag, „Art“.