hardt ’taa. „Tak eit Tak ve denna Kroppen du, Jo!“ sa Kremar’n. „Nei, eg er vorte forr-gomol te aa taakaast, eg no,“ svaaraa han. Kremar’n slo i ein stor Dram me Frans-Brennvin aat ’om Jo og ba han vera saa go, „men tek du ikje Tak ve denna Lom-Ver’n, saa kalla eg deg ikje Stor-Jo meir, da kalla eg deg Laak-Jo,“ sa Kremar’n. Han Jo drakk ut Drammen og takka for Skjenken, saa saag han att-um se paa denna halv-drukne Lom-Ver’n som gjekk der sveiv, va vi’ og sto ferdog te aa taakaa ihop i fyste Orde. „Du fær kaamaa, da, Kropp!“ sa han Jo aat ’om. Lom-Ver’n kom i full Bør og skulde golve Gamlin me ein Gong, men att-i Sta’n vart han tikjin som ein Gut-Ongje og lagt lengst ette Diskje. „Der ha du han der, da!“ sa han Jo ve Kremar’n.
Han Hans Hollbø va ou eit fre’ele Menneskje og ein go-eine Kar; han likna ’om Stor-Jo baade me di, at han va tøyg førr han vart sinnt og at han va hard-sinnt, naar de fyst beit han. Han va alder fram-i Slaasting hell Ovenskap, for Slaast-Bikkjo tordest alder gaa paa han og elles ha han ingen Hog te, aa syne fram Magte si. De va reint rart aa sjaa han Hans i ein stor Folke-Skare, du saag Hugue hans og langt ne-ivi Bringa ogo-for alle di andre, saales va han meir hell Hugue høgre, hell allt Folke, som de ha vore sagt.
De skulde hengje i baade ’om Stor-Jo og ’om Hans Hollbø, at døm ha vore hoga te aa freistast og Eingong vart døm forlikte um, aa møtast ein Dag paa Øya-Vollom og gjera de av. Han Stor-Jo møtte, da Dagen kom, men han Hans kom ikje. „Eg møtte eg,“ sa han Jo, „men han kom ikje, han Hans. Eg tok paa meg tvæ Stri’-Skjurto og gjekk for-utta Trøye, for de ha nok ikje hulde Trøye aat di Beiste. Eg tenkje mest eg skulde tikji han Hans; de kunde nok vera Von te, han Hans va sterkare hell eg, men eg va meire upp-lagd[1] og viss-saa nøytog, eg.“ Kaarles de ha se, at han Hans ikje møtte, er ikje saa godt aa veta; helst va de full for di, at han ottast ’taa, at de skulde enda me di, at døm baae tvo ha vorte sinnte saa de ha enda me eit styggt Slagsmaal, kaar tøyge og go’-lynde døm elles va, baae tvo. Og saales fekk ikje Folke veta, kem som va den magtogaste ’taa di tvo.
- ↑ upp-lagd: upp-øvd, kunna Knep og Konste.