aatte han aa kalle for ikje og difor sat Hugue reint ne-i Ækslom paa ’om. Anlete va ou breitt og grov-sli’i – han va saa grovt brei millom Ougom og Ougbryne laag som tvæ klurote Ein-Kjørre[1] upp-ivi Ougom hans. Attaat va han grov i Maale – de va ikje saa ohøvele Namn aat ’om, naar han vart kalla Ei’e-Busin. Eg tykjys sjaa han forr me enno, naar han sat fram-me Omne: lubnare og tett-gjordare Kar, hell han Knut va, veit eg ikje eg har seett.
Da han Knut va væl vaksin, tente han eit Aar paa ein ’taa Holbøs-Gardom i Sjaardale. Jul-Eftan, ette de lei’ saa langt paa Dagen, at døm ha gjort fraa se allt Ut-Arbei’e i Gardom umkring, kom Mann og ba han Knut kjøre te-gards eit Lass me Hoggje-Louv, te Helgen. Detta vart han Knut grættin for, men han gjekk burti Stall’n og tok ei Merr og la Sela paa. Merre va lei aa beksle upp stødt, og no va ho enno verre. Best de va, ha han Knut upp Hande og ga Merr’n ein Dask i Skallin saa ho datt ne-paa Føt’n sine. Mann sjøl sto og saag paa, men da han skjøna kaa Møle han Knut va paa, skonda han se inn-att. Merre reiste se upp-att um lite og paa lite Grann kom han Knut att me eit Louv-Lass, som ikje foor i Ærends-Løyse[2].
I Sylater-Aarom let han Knut se kverve og sto Gardison i Trondem. Mea’ han sto i Tenest’n va de eingong han ba um Heimlov som snøggast og da gjekk han fraa Trondem og heim paa ein Sylater-Stomp og 6 Skjilling.
Da han gjifta se fløtte han aat Svarvarhougje, ein liten Heim-Sta som han kalle for baade rødde og byggde. Han va ein ein-traa og hardsett Arbei’s-Kar og lite um Senn veelte han um Heimen baade me Hus og Jord saa han berga se godt. Han ha 5 Kjy’ som va feite som eit Svell, naar døm kom ut um Vaarann, og dessa Kjy’nn hans Knut va namn-sporde i heile Ottdale. Da Offsin va, kom han Knut att fraa Lalm fyste Skriu-Dagen, den 21de Juli, han ha vore i Arbei’ hjaa Verte sine paa Sygard-Snele. No tordes han ikje gaa Stigen sø-igjønom Ottdal’n, men gjekk upp Skaars-Brekka, uppi Rinddal’n for aa