han Per gjekk aat Stalle heime paa Horgje og skulde gjeva Øykjom te Natten. Me di saamaa han kom burt-aat Stall-Sval’n sto de ein Kar der te-rei’e og gav ’om Per ein Dask i Hugue me eit Skaak-Emne. Han fekk eit stygt Slag, men lell datt han ikje, for han fekk Dasken te-si’es, saa de skje’nte paa Hugu-Skaal’n, han kom se att og dreiv te me full Magt avhenndes[1] aat dessa Kare, saa han datt som dou aat Marken. Me di gjekk han Per inn-i Stall’n og agta Øykjinn, men da han kom ut att laag Kroppen paa saamaa Flekkje og han Per vilde ikje endse ’om, men gjekk inn og la se. Fælt tile um Maargaan sto han Per upp og gjekk sta saag ette, um han enno skulde liggje der, men da va han burte. De va kome Nysnjog um Natte og de synte, at Kroppen ha krope firom-føtom. Kem de va, fekk han alder sport og han va hell-ikje go-te tenkje se, kaa de kunde vera te Kar.
Paa Vaar-Si’un i 1817 va de te-sagt fem-seks ’taa Gard-Mennom i kaart Sokn aa møte fram paa di ymse Skjuss-Skjift’om; døm lout vera me aa kjøre „Sylvskatten“. De va den Gongen døm sette upp „Norges Bank“ og de va paa denne Maatin døm førde Sylve aat Trondem. Denne Sylv-Kjørsla kalla døm „Sylv-Transporten“. Heidølinn va te-sagde aa møte paa Bræe og skulde kjøre Sylvskatten aat Romongard. Horgje’n va me sjøl, men han va seint ute og den Embets-Mann, som sto for Føringen, va grinot og ga ’om Per Fantord. Detta beit han Per, men de va ’kje anna gjera, hell eta de i se, maa’ta. Bræe-Garden sto saa full me Heste og Folk, at de sto ikje te aa kaamaa me Øykje dit, han Per skulde lesse paa, han lout løyse fraa og draagaa og bera Sle’an sin te han kom fram og fekk lesst. Di andre ha allt lesst og Sle’anne sto saa trongt, at de va ikje fram-kjømd for om Per, da han ha Lasse sitt ferdogt. De vart full-tonge Lass og Føre va saa laakt at Lorten gjekk langt uppaa Meiann i Bræe-Garde. Han Per sto lite og saag se um, kaarles han skulde gjera de – dime stakk han ein Langfinger i kaart Skaak-Ouga og drog Lasse sitt utu Garde saa di hine Sle’ane sprengdest te ymse Si’e og Lorten sprente fraa Sle’a-Meiom. De
- ↑ avhendes: ranghendes, ut mot ei ’taa Si’om.