Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/131

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 119 –

han Hendrik Smidt, leigde han te aa helde se me Ferskmat. Vilde han vera Reins-Skjyttar’n hans kaar Saamaar, saa laavaa han ’om aa taakaa han fri for Kongens-Tenesten naar han Ola naadde Utskrivings-Aarom. Aa de veit du, han slo ikje imot. Fyste Venda, han Ola gjorde te-fjells for ’om Hendrik, fekk han me se ei Fjortan-Daagaas Niste fraa Sonde, de va sagte i 1713 ve Larsuku-Leite. Han laag ve Gjende og foor vidt og breidt i Fjellom paa alle Leie, men de va saa snoudt for Rein, kaar han kom, at han løyste ikje Skot de Fjortan-Daagaae. De saag ikje rart ut me Ferskmat aat ’om Hendrik og han Ola skjikka Baa aat Sonde, at ha døm vilja senda ette ’om ein Otte-Daagaas-Kost, saa skulde han havt stor Hog te aa faa sjaa Rein, førr han strouk utu Fjelle att. Jou, Kosten va ikje Skrivar’n trong me, han senda ette ei gjill Mat-Kløv me di Baa’n, at han kunde vera, saa lengje han sjøl vilde, Kost skulde de ikje trote[1] om. Men da venda Reins-Vone se ou – paa ei Viku skout han Ola fjorten hell femten vaksne Bukke, og Skrivar’n fekk saa mykjy Ferskmat, at han vart mest forr-gaadd[2] ’taa ’om. Sia va han Ola te-fjells for ’om Hendrik te kaar Saamaar saa lengje han Hendrik livde.

Og ette han Ola gjifta se og fløtte aat Braataa, laag han i Fjelle inkun-sta’in den meste Ti’e ’taa Aare, summe Tak ve Gjende, summe Tak ve Russvatne og imillom ve Øvre-Sjaadal’n. Attaat ha han uppe Maar-Fello i Skogje umkring Nere-Sjaadal’n, for de va mykjy Maar[3] der, de Bele. Og Fisk og Kjøt trout de ikje naar han Ola kom te-fjells.

Skjyttar-Braatan va ein lentog og lett-liva Selle; han va ’taa døm, som ikje misse korkje True hell Mo’e um de ser svart ut og Motgonga tok han helst me eit lentogt Ord. Da Stugo hans i Braataa brann upp ein Gong, sa han: „de va verst me La’tein-Emn’om[4] som eg ha bore fraa norda’ Gjende!“ Eingong slo Bjønn ihel den einaste Kue hans i Kleppe-Li’n; Kjeringje greet for døm miste Kue si, men han Ola gruvde ikje. „Aa graat

  1. trote: vante.
  2. forr-gaadd: uppraadd, ibeit.
  3. Maar bli uttaalaa Mool me tjukk l.
  4. La’tein-Emne: Emne te La’stokke.