Elven satte paa Land mod Kirken, men Gud vendte Strømmen derfra til Blessum-Volden hvor nu ligger en Strand langt ind i Ageren,“ fortel han Iva Haakaasta i eit Brev, som er skrivi Sonda’n ette Offsa. De meste ’taa Sonn-Brun strouk me, heile Finn-Brue, alle Vinter-Mølno og Stampo og sø-over Vollann reiste mange Heime.
Paa Lalm slapp baade Hus og Jord for de meste; ogo Gard’n paa Ner-Bjønnsta gjekk de ei Skriu som tok ein Rog-Aaker, men fleire gjekk de hell-ikje som gjorde Ska’e. Men Otta gjorde Lalms-Gardom stor Ska’e; firi Skriu-Saamaare ha alle Garde Slaatt-Eng ut-paa Fetom[1], de va sjoug Lyu-Eng fraa Snele og sø-onde Haamaarsberge. De meste ’taa desse vart te-inkjes ette Offsa, Skriunn burt-i Sta’e-Li’n og Sjaardals-Bekken førde saa mykjy Leir-Sann og Øyre ut-i Elve, at heile Fare høvjast og sia’ ha di gamle Fet-Slætte vore berre Sann. Lalmsbrue og Sagje i Rinndun gjekk av.
I Heidale gjekk Skriunn paa baae Sio ette heile Dale saa langt upp, som aat Heringsta. Lenger upp gjekk de ingor stor Skriu førr de bar langt uppi Skogbygde. Men Smaa-Skriu seig de ut paa kaar Gard i di bratte Aakrom saa Gardann vart styggt av-reidde. Sy-Stugo og Uppi-Stugo Fouksta va den Gongen ihop-bygde; i Uppi-Stugun ljøp alle Huse av og i Sy-Stugun sto de att ei Stugu. Alle Garde i Nerdale sleit fælt te Ska’e og her gjekk de te otte Menneskjo, ou. I tvo Plasse, Rustranndin og Nilsranndin umkomst de sjoug Liv og de ottande va eine Son paa Horgje, han Ommon. Og han Ommon Horgje fekk ein stusle Skjølna fraa Verd’n, stakkars Kar.
Paa Horgje ha døm ei stor Øy ut-i Sjo’n, som de va eit gjilldt Slætte paa firi Offsa. Um Maargaan den 21de rei’ han Ommon og ein Kar me honom ut-paa Øye og vilde slaa ho um Dagen, men trast døm kom ut-paa, bar Sjoe te aa vekse saa utu-maata fort, at døm saag de va rettast, aa kaamaa se ’taa att, snarast døm kunna. Den Kar’n som fylgde ’om Ommon skulde ri’e inn att fyst og saa skulde han jaagaa Øyken ut-paa Øye att aat ’om Ommon. Men Elve ha allt vorte saa stor, at de va berre paa
- ↑ Fetom, ’taa Fet: her Eng ve Elv-Bredde.