Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/102

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 90 –

Jenta slo han me ei Aar, te han lout sleppe Tak og me di bleiv han Tjuv-Tjøstol.

For Hal’thondre Aar sia va de tvo Kare uppi Hovdas-Piggje som sleppte se ne-i Tjøstol-Hole, og der fann døm baade ein Naal-Pong og ein Gaataa-Pinne[1] ette ’om Tjøstol. Han Nils, Bror hans Tjøstol, vart te-sist tikjin og dømt te aa hengjast. De vart reist ein Galgje i Rosten og her vart han hengd. Trast ette, mea’ han Nils enno hekk i Galga, foor Gjyll-Løva gjønom Dalen og skulde ivi Dovrfjelle. Da han foor ve Galgjin sa han: „Døkk bruka de likeeins her, som a’an Sta’ann: hengje di smaae Tjuvann og let di store gaa.“

Merkna. De meste ’taa di, som her er fortald um han Tjuv-Tjøstol er slikt som de ha henda, berre eitt og anna smaatt er burtgløymt og lite att-aat lagt. Men allt um han Nils, Bror hans, er antell heilt upp-dikta, hell kanhende gjort paa eit anna Stelle, men ’taa di saamaa Hende, for Orde um han Tjøstol ha fare vidt. I Skaabu heitte han Tjøstol Lasse-Kampe og der gaar Orde, at han va ein bra og skjikkele Gut, som kom te aa rymme fraa Kongens Tenesten.

Ette Retts-Bøkom for Aare 1751, 52 og 53 er Livs-Soga hans Tjøstol slik

Han Tjøstol Eilevson er fødd 1729; Foreldre hans heitte Eilev Kristensson og Beret Tostinsdotter og va Leiglennings-Folk i Nørdre Kleiven. Mor hans ha eit leitt Ord paa se og ho ha sute paa Tugthuse for ho ha dølt me ein Tjuv. Atten Aar gomol let han Tjøstol se kverve i 1747 og sto Gardison paa Vinger-Skandse. Fyst paa Saamaare i 1750 ha han stole naagaa fraa Lutnan’e sine og saa rymde han hit i Bygde att, men vart att-tikji paa ei Vaagaa-Sæter, kaa de va for ei Sæter, er ikje ’taa-sagt. Ein lyt helst tenkje paa Hovdas-Sætrin, for der ha Nørder-Kleive Sæter. Ein Sylater skulde følgje ’om Tjølstol att-ende aat Vinger, men da døm kom saa langt som aat Elvrom, saag han Tjøstol se Tak te aa rymme fraa ’om og no foor han radt heim att og heldt se uppi Hovdas-Piggje te um Housten.

  1. Gaataa-Pinne: Jønnpinne, som Skreddaran stakk Hol paa Tye me naar døm sette i Knappe i Klæ’e.