Hopp til innhold

Side:J. E. Nielsen - Gamla segner fraa Valdres.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
30

ai Gong aa saag ette Krøtoro sino trast fyrr dai vilde buføre paa Stølen um Vaaren. Daa kom de ai Bufør ut or store Krokaahauge, aa de gjekk ait Kvendfolk fere Buførenn aa kalla aa hulla slike fine Bulaatta. Ho hadde sidt brunt Haar, svart’e Døs aa rau’e Troye. Ho raiste fysst over Krokaane, aa de fylgde henne ain stor’e Buhund, som va kvit’e me svart’e Ring ikring Halsen. Aa so kom de væl ai seksta Kyr, aa de meste taa dai voro brondutta aa kollutta; men hina voro rau’a me store Hodn aa Bainknappa paa. Imyljo dai va de ain stor’e brunsi’utt’e Gra’ukse, men so stor’e aa fin’e Ukse hadde ho alder set, sa’e ho. Han gjekk mest fere hino Krotoro, han hade store Hodn, aa Knappadn paa Hodno hass voro so blanke, som dai skulde vera taa Gull. Han letst stange ette Buhunde stundo, men han gjekk aa slaikte han aa dansa ikringo han. Ette Kyro kom de noko Smaakrøtor aa sidst kom de fire store Svin me slike lange Oyro, at dai naadde radt ne over Tranten. Alle ette gjekk de ain halvvaksin Gut aa ai liti Gjente aa jaga Buføre. Ho Berit kunna skyne, at dai buførde, ve de at ho som gjekk fere aa kalla tok aat Stølsvege. Derme sa’e ho Berit: „aa væl voro de Stakkara; halde de paa aa buføre idag de?“ Men daa vart de so tvørt burte altsama plent som de hadde søkke ne. Den Laatten som ho hulla den som gjekk fere, den lærde ho Berit aa hulla han ofto, so me kunne den baade e aa are.

Um Sumaren ette ho Berit paa Flate va komi paa Stølen, va de ain Morgo ho hadde lokka Kydn sina te Baitis; ho hadde endaa fylgt dai nord aat Aa’nn. Ho gjekk sy’att igjøno um ain stor’e Haug,