Side:Garborg - I Helheim.djvu/70

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

her kjem att og elter dei arme
i æveleg Feberdraum.

Tjuven flyg med si Byrd paa Rygg
og rømer um vide Land;
etter kjem lange Eigar-Manngard
og vil honom leggje i Band.

Mordaren dregst med sine Lik
og skjelv for dei brostne Augo;
Ljugaren strider med Dikti sine;
dei lìver her millom Draugo.

Ljugaren maa sine Lygnir eta;
det krev so godt eit Tòl;
dei Skjemde-Sogur vart her til Ormar
og slimute seige Aal.

Sæling som gjorde Far sin Sorg
og grøtte si mødde Mor,
kvar han vil fly, dei gamle møter
og lyser Bolvings[1] Ord.

Alt kjem att, kvar ubøtt Synd,
og vondt dei paa Jord fekk løyne.

  1. Bolving: Vaabøn, Forbanning.