Side:Garborg - I Helheim.djvu/158

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Veslemøy.

Kven er dei villande Vaa’ar
som sviv her i Vaat-Roggs Sky?
Og seg, kva maa dei so mødde draga
der fram gjenom Søyledy?

Systeri.

Daude Kroppar dei so maa draga
der fram aat Naabrunns Vik;
Kroppar av fallne Hèrmenn er det
aat Draken som sliter Lik.

For Ufreds Drake, i Naabrunn svelt,
so maa dei i Djupheim træle,
av di dei øydde for Folki paa Jord
Hugnad og Heimesæle.

Hèrulvar er det og Blodmenn,
som rana Jord og Fe;
Heime-Liv og fredsamt Arbeid
dei under seg traakka ned.

Hèrulvar er det og Blodmenn,
som røva Bøndar bleike;
Bøn dei møtte med Bile kvass,
og trampa og trælka dei veike.