Side:Garborg - I Helheim.djvu/152

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

<poem> som kunde skjote med Eiterpilir og pine med rengde Ord.

Det var deira største Hugnad, og Prisen den av deim vann, som visste med Sløgd kvar Dag aa finne det Orde som drap sin Mann.

D’er dei som paa Jordi laga dei nidfulle Fareblad og let dei fljuge til Folke-Eggjing som Gneistar fraa Stad til Stad.

Dei laga og fraa seg sende Vondske som vide fór, Nidskriftir stygge som fyller Heimen med Harm og herjande Ord.

Laga og fraa seg sende til alle som taka gat, atalle, eglande Farebladi, som fyller Verdi med Hat. <poem>