Side:Garborg - I Helheim.djvu/133

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Hardt dei harmast i Helheim
for Syndi den botlaust store,
at dei sitt høgste til Handelskunst
og kaldklok Rekning gjorde.

Sitt høgste dei svikta og Livsens Helg
for smaatt som ruvar og glimar;
di røyner dei no i beiske Sut
dei æveleg tome Timar.

For falske Mammon dei svikta
sin Kjærleik varm og ung;
di maa dei her i Skjemsla gange
og lide den Langsemd tung.


*


Midt i Byen
i Svaavelgov
stend det uheilage
Mammons-Hov.

Kor-Borg reiser seg
agefull;
til Høgaltar stend
ein Kongsstol av Gull.