Side:Garborg - Haugtussa.djvu/56

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Aa gjævaste deg!
aa gilja til meg,
og sulla med meg
i sudeli-dudeli-dei;
venaste deg,
aa venta paa meg,
no kjem eg til deg
i dudeli-dei . . .
. . . . . . . . . . . . . . . .

                            *

. . . Mjukt som i Graat
tonar Harpelaat,
lokkar lett og linn
liksom Sumarvind,
voggar seg blid,
strøymer sterk og fri,
svævest av i Draum og Stille;
vaknar so spakt,
velter fram med Magt,
brusar upp i Brand
liksom Marm ved Strand;
søtt som i Blund
stig ein fager Lund,
elskhugvarm, med sorgblid Trille . . .