Side:Garborg - Haugtussa.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Tidt mullande gjekk ho
med myrke Ord
og skræmde stundom
si eigi Mor;
dei sa ho vanta paa Vìte.

I Lyngmarki nord
millom Haugar tri,
der gjekk ho gjætte
si meste Tid.
Og Haugtussa vart ho heitand’.