Side:Garborg - Haugtussa.djvu/214

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Skal burt eg gløyme mi Hjartesut?»
— «All di Sorg den sløkkjer me ut.»

«Sløkkjer de Elden som heitast brenner?»
— «Naar Staupe er tømt, du Inkje kjenner.»

«Ja vil de sløkkje den Suti heit,
— den kann eg kje misse for alt eg veit.

Og fyrr eg vil sleppe den Suti hard,
fytt gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard.

Og fyrr eg vil gløyme den Sorg som brenn,
fytt gjeng eg Narr i mi heile Grend.

Ja fyrr eg vil gløyme Guten eg fann,
fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand.

Ingin annan fær meg i Famn;
no rev eg meg laus i Jesu Namn.»

— Ale er burte. I Skodda sansar
ho liksom ein Skimt av kvervande Svansar.

215