Hopp til innhold

Side:Garborg - Haugtussa.djvu/163

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

harm min   Herre tena,
Róm aat   Live rydja.
Aldri   Løn eg aatte;
faafengt   maa eg fikte;
alt eg   av kann øyde,
verre   veks det sidan.
Her min   rette Herre
kjær eg   atter kjenner;
her kann   heil i Hugen
Daude-   Dans eg treda.»

«Meir enn gjerne,» kved Fanden i,
«unner eg deg ein Leik;
tidt og ofte paa Ferdi di
Livsens Magtir du sveik;
sende meg snøgg so mang ei god Steik
gjenom Natti.

Kvar Gong du høgg den unge Kvist,
kann eg min Bate finne;
saman med deg, det vonar eg visst,
skal eg vel ein Gong vinne.
No skal me danse forutan Tvist
gjenom Natti!»