Denne siden er godkjent
Lite dei haar og haattar,
med alt sitt Braak og sitt Rop.
Dei er nokre Faamings Fjottar:
dei kann ikkje halde ihop!»
KU-LOKK
Aa Kyri mi vene, aa Kyri mi!
Her sviv me no glade i Sùmars Tid;
i Fjelle finn me dei finaste Straa;
i Dalen strøymer den stride Aa.
Og Vinden stryker so ljuv og linn
som signande Sus fraa den klaare Tind.
Aa Kyri mi gode, aa Kyri mi!
Her skal du vel trivast i grøne Lid;
her sildrar Kjelda med Surl og Skval,
og Grase er mjukt og Skuggen sval.
Ja Nordanaas-Lidi, der er det godt;
der gjæter Huldri kvar einaste Nott.
Aa Kyri mi snilde, aa Kyri mi,
aa hav det no godt denne vesle Rid!