Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
11
IV.

Verdi er svikefull, men hev endaa sin Mildhug.

Etter kvart som Vonerne brest fyri oss, veks Minni til att etter oss: og det gode me hadde og ikkje visste um, vert uppspart aat oss til Niste og Helsebot i vaar Alderdom.

Eg vankar um Dagen paa gamle Vegar, og Minne vakar ved kvar Stein. Eg ser desse Haugarne der Veslegut sprang ein Gong, og der Ungsveinen drøymde sine fyrste heite Draumar. Og smaka dei fyrste søte og beiske Nippar av Livsens Drykk. Men det søte heng lengst i. Og det som var beiskt hev søtna med Aari. Ho den vesla Jaala, som fyrst gav meg aa eta av Kunnskapstrêe paa godt og vondt, naar ho livnar upp att for meg no, er ho eit mildt Minne. Og all