Hopp til innhold

Side:Folkevennen 1858.djvu/279

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
275

som var i Byen, lyste og ut-yver Landet vidare og vidare og jagade bort Heidnings-Myrkret. Nidar-os var længe den hævaste Byen elder Hovd-staden i heile Norrig. Deretter vaagade Konungen seg til aa kalla Folket til Ting paa Frosta. Men Bønderne gjorde Tingbodet til Krigsbod, og dei møtte full-rustade til Strid. Ein megtug Bonde, som heite Jarn-Skjegge fraa Ophaug paa Yrland, var deira Høvding, han var ein hard Heidning. Daa Konungen talade til deim om den kristne Trui, saa argade Jarn-Skjegge Bønderne, saa dei svarade Olav likesom dei hadde svarat Haakon den gode fyrr: Du kan berre teigja med slikt, elder og skal vi jaga deg ut ur Landet og taka os ein annan Konung. Daa gjorde Konungen ein sløg Vending i Talen og sagde, at han vilde sjaa Skikkarne, som dei brukte i deira Gudstenesta fyrst, saa kunde dei tala sidan om, kva Tru kvar skulde hava; og det vard avgjort, at Konungen skulde fylgja med til Vinter-Blotet ved Hovet paa Mære i Sparbu og sjaa Skikkarne deira. Men fyrr den Tidi kom, bad Konungen dei største Høvdingar og Bønder til seg i ei stor Gilda paa Lade. Dan eine Dagen gav han deim fullt op av god Mat og stærkt Øl. Men andre Dagen let han blaasa i Luren, at alle skulde koma saman til Huus-Ting. Konungen sine Menner skundade seg daa dit fraa Byen. Daa helt Konungen ein Tale og sagde som saa: De Bønder vil saa traatt, at eg skal blota (elder offra) til Gudarne dokkar, og eg heve ikkje sagt rettelege nei helder. Men skal eg endelege blota, saa vil eg offra større Offer, en fyrr er gjort; eg vil ikkje offra Trælar, men dei største Høvdingarne her, slike som Orm Lyrgja og Styrkaar av Gimse og Kaar av Gryting og Aasbjørn av Varnes og Orm av Leira og Haldor av Skjerdingstad. Konungs-Mennerne greip desse Høvdingarne, ettersom det vard opnæmnde, og dei vard daa reint for-skræmde, fyr dei kunde ikkje tru annat, en at Konungen vist vilde offra deim. Det bad Olav, at