Side:En Fyrstikke.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

du Hovding gjæv
fraa det harde Land
 langt ute der vest i Hav.
For naar her liver
eit Noreg enn
 fraa Stad til Sulitjelm-Nut,
me takkar fremst
utav alle Menn
 han Snorre Sturlunga-Gut.

Me hadde gløymt
baade Mor og Far,
 oss sjølv so hadde me gløymt,
— me hadde gløymt,
at me eingong var,
 um inkje du hadde gøymt.
Me râk ifraa oss
vaart Arvegull
 og misste det Skatt fyr Skatt.
Du sanka det saman
i Kista full,
 og so du gav oss det att.

Daa Noreg sleppte
sitt eiget Ror
 og tapte Leidi so reint,