1.
Alle i senn
var æsir paa tinge
og aasynjur
alle til stades.
Raadlag heldo
trauste gudar,
kvi Balder møddest
med myrke draumar.
2.
Upp reis Odin,
utgamle gaut,
og han paa Sleipne
sàlen lagde;
derfraa ned
til Nivlheim reid han,
møtte hunden
or Helheim kom.
3.
Blodut var han
um bringa framme,
paa Galder-fader
gøydde han lengi.
Fram reid Odin,
farvegen dunde;
til høge halli
aat Hel kom han.
4.
Daa reid Odin
austan um dør,
der han visste
ei volve-grav.
Han val-galder kvad
for den vise kvinna,
til ho naudig reis upp
og naa-ord mælte.
5.
„Kva er du for mann,
for meg inkje kjend,
som hev meg valda
vegen so tung?
Eg var snjova med snø
og slegi med regn
og drivi med dogg,
daud var eg lengi.“
Odin kvad:
6.
„Vegtam eg heiter,
er son aat Valtam.
Seg meg tidend fraa Hel;
fraa heimen tel eg.
Aat kven er her benkir
med baugar[1] prydde,
og pallen fagert
flolagd med gull?“
- ↑ Baug, ring.