Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/118

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent



23.
Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer baade upp og ut.
Han er trøytt og mod,
naar morgonen kjem,
og alt er flokut som fyrr.

24.
Vanklok mann
trur vel um alle
som hugblidt mun helse.
Inkje han ser,
at dei snorur legg han,
naar han sit med kloke saman.

25.
Vanklok mann
trur vel um alle
som hugblidt mun helse.
Det ser han fyrst
fram til tings komin,
av frendar eig han faa.

26.
Vanklok mann
veit alt, han trur,
der millom bergi han bur.
Men naar framandfolk
honom finn,
raadlaus røynest han daa.

27.
Vanklok mann
som vankar ute,
det er tryggast han tegjer.
At lite han veit,
det vitrast ingin,
utan for mykje han mæler.

29.
Ovnøgdi mæler
den som aldri tigjer,
burt i hyr og heim.
Ei radmælt tunge
som laakt er tøymd
ofte seg ugodt gjel.

30.
Til narr skal ingin
ein annan hava,
um paa gjesting han gjeng.
Ofte synest klok
den inkje vert spurd,
naar trygt i ro han ruggar.

31.
Tykkjest gjest klok
som tek til sprangs,
naar i gilde han gjest hev hædt.
Han veit inkje fullvel,
den som flirer i laget,
um han inkje range folk raakar.

32.
Mange gode
grannar du finn
som alltid maa antrast i gilde.
Upphav gjerest
til ævleg strid,
naar gjest er rang mot gjest.

33.
Ein dugleg aabit
skal du eta jamleg,
naar du paa gjesting vil gange.
Daa slepp du sitja
svolten og keid,
saa du maktar lite aa mæle.