Side:Aasen - Ervingen.djvu/37

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
39

Aamund.

Eg likar henne betre en alle andre, som eg heve seet baade heime og burte.

Olav.

Ja, daa var det tregelegt, at det skulde standa so til. Det var harmelegt! (Til Gunniid). Nei eg heve ikkje likat detta der med honom Trond.

Gunnild.

Eg likar det ikkje eg helder. Men vil de vita, kvat eg trur? Eg heve eit Tvilsmaal um, at det er ikkje nokor Sanning i det. Det er nok so, at han Trond vil hava henne; men eg trur ikkje, at ho vil hava honom; og er det so, at ho ikkje vil, so verd det ikkje nokot av di.

Aamund.

Aa, giv det var so! Men detta er ein Ting, som eg vil vita no i denne Kveld. Eg gjeng beinaste burt i Garden og leitar henne upp.

Olav.

Ja kunde det vera Von med detta, so var det ei stor Lukka. Og det kann eg segja deg, at det er ei Gjenta, som det er verdt aa trøyta seg etter. Det er den snildaste Ungdom, som kann ganga i tvo Skoer.

Aamund.

Eg vil hava ei Vissa radt paa Timen.

Olav.

Aa ja, d’er fyrst best. — Men no ser eg, at her kjem Folk, og so faa me giva oss utor Vegen. Dei ganga.