Side:Aasen - Ervingen.djvu/35

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
37

Olav.

Endaa lyt eg no segja:
der er so ymse Slag.
Raakar ein paa det gode,
so ser ein eit annat Drag;
møter det gode Hjarta
eit Hjarta med same Lag;
ja, daa er der ljosa Voner
som Sol paa ein Sumardag.

Ja, naar dei rette møtast,
so fær det sitt rette Lag.
Trutt paa Vegen dei fylgjast
alt utan Kiv og Klag.
Ungdom og Vænleik vika,
men Hjartat slær friske Slag;
og Kjærleiken held sin Varme
og varer til sidste Dag

Aamund.

Det var rett! Det var det, eg vilde venta.

Olav.

Aa ja! Der ligg ikkje Udyr i alle Vegar.

Aamund.

Nei, det vilde no verda alt for stridt. Men, det er sant: med alt detta kom me burt ifraa det, som eg vilde spyrja um.

Olav (avsides).

Eingong lyt han no vita det, anten det so er vel elder illa. (Høgt). Det var so, ja. Var det ikkje ei Gjenta, som du spurde um?

Aamund.

Jau, det var den, som var med oss, daa me heldt paa og skulde stevjast.