Hopp til innhold

Side:Salmar og aandelege songar.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Ei dauden meir skal vera,
Og ikkje sorg og ikkje skrik
Og pinsla slik
Som her Guds born maa bera.
Den fyrste verd
Daa burte er.
I himmel by
Er gleda ny —
Aa, der vert sælt aa vera!

Daa syng eg glad i Sions stad
Eit betre kvad
Med alle millionar.
I kvite klæde, klaar og rein,
Med palmegrein,
Eg lovsyng vaar forsonar
Halleluja, halleluja!
So fager klang
Og gledesong
For Gud i himlen tonar!

Etter M. B. Landstad (1802-1880), norsk prest.

50.
Tone: Jeg ved et evigt himmerig.

Kristenfolket:
Eg veit i himmerik ei borg,
Ho skin som soli klaare,
Der er ei synder eller sorg,
Der er ei graat og taare.