Samtale imellem to bønder

Fra Wikikilden
Samtale imellem to bønder
(om Begivenhederne i Udlandet)
av Ivar Aasen
Morgenbladet nr. 5, 1849


A. Eingaang vart dæ daa Ende paa dette Aare ogso. Dæ heve hendt so mangt sida ifjor dette Bil’e, at aar eg tenkjer ette altsama, so tykjer eg at dette Aare heve vore lenger en mange andre.

B. Ja, ein synest no altid so um den Tidi, som ær sist avlidi; men so vidt som eg skynar, so heve dæ no inkje vorte so store Umskiftingar helder. Dæ heve vore snakka mykje aa kiva mykje; men dæ som ær gjort, ær væl inkje stort meir en dæ plar vera.

A. Dæ kann vera sant, so lengje som me bære tenkjer paa oss sjølve; men dæ ær no som du veit mæ vaart Land, at dæ ær bære som ein Fetling paa ei Hud, elder som eit lite Utnes paa ei stor Øy. Difyre heve me den Lukka, at me kann hava Ro, um dæ endaa ær Uro i dei andre Landi; me kann standa utanfyre aa læra te vara oss fyre dei Ting, som vekkjer Ufreden i andre Rikje. Han lever best, som ær minst kjend, segjer dei gamle; – heve han den Skaden, at ingjen bryr seg um han, so heve han ogso den Vinningji, at han fær vera i Fred og skjøyta seg sjølv; heve han lite te segja, so heve han og lite te syta fyre. Men endaa kann ein ikje altid vera like glad kor dæ gjeng i dei andre Landi; dæ eine Rikje heng ihop mæ dæ andre paa mange Maatar; aa naar dæ gjeng ein galen Veg i dei store Landi, so kjennest dæ ogso i dei smaa.

B. Dæ ær sant, dæ skal ha’ vore eit gale Tilstand uttanlands. Eg heve høyrt mangt, men eg heve ikje fingje rettug Grunn i dæ. Du som les Avisunne, du veit no væl kor dæ stend til, aa kva Slag dæ ær som all den Uroi kjem av. Eg heve høyrt, at dær heve vore Upprør i mange Land.

A. Ja, dæ heve vore urolegt paa mange Stader; sume kallar dæ Upprør, aa sume heve andre Namn paa dæ. Ellest skal dæ no hava seg so, at Folkje heve vorte so misnøgde mæ Landsstyringji si, at dei heve sett seg upp aa sagt, at dei vilde ikje tola den gamle Styremaaten lenger.

B. Men ær ikje dæ Synd slikt, aa ær ikje dæ stygge Folk, som set seg upp mot sine Overmenner aa mot dei som er innsette te styra Lande? A. So lengje som Styringji er logleg aa lempeleg, so ær dæ vist baade Synd aa Skam te setja seg imot, aa inkje ær dæ vituge Folk, som gjerer dæ helder. Men dæ kann ogso vera ei Landsstyring, som gjerer mykjen Urett aa fær ille mæ Folkje i lang Tid, aa daa ær dæ vondt te vita kor lengje Folkje skal tegja, elder kor mykjen Urett dei skal tola, før dei heve Rett te setja seg imot. Den Sakji ær so vandug aa so flokji, at dæ ær faae som kann greida henne, aa difyre vil me inkje snakka meir um den Ting. Dæ ær no og so hyggjelegt mæ dæ, at me treng ikje um te grunda paa dæ; fyre den Friheiti, som andre Folk hikar aa trøyter seg ette, henne heve me alt havt i lang Tid; aa den Vinningji fekk me so syndlaust aa so uskyldugt, at dæ ær ingjen som heve noko te anka paa i den Maaten.

B. Men kor gjekk dæ til, at dæ vart slik ei Uro paa so mange Stader, aa so dæ at dæ høvde til allestader paa ei Tid?

A. Orsakji var væl den same paa den eine Staden som paa den andre, aa difyre gjekk dæ væl so, at so snart som dæ spurdest at denne Umsnuingji var gjord paa ein Stad, so fekk dei andre eit nytt Mod og tok te freista paa dæ same. Franskmannen ær no den som altid heve vore stridugaste mot all Tvang aa Undertrykk; han var dæ som var Upphave til den store Umstøytingji, som var fyre ei seksti Aar sida, daa dæ vart so mykjen Ufred; aa han var dæ som tok til mæ dæ denne Gaangjen ogso. No ær dæ den Ting som ær mest te merkja, at denne Freistnaden fekk so stor Framgang, aa so dæ at Folkje i dei nærmaste Rikji tok te røra paa seg mæ dæ same. Dæ synest no vera eit vist Merkje paa, at Styremaaten hadde vore galen, aa at dei gamle Raadsherranne hadde ikje bygt paa den Grunnen, som til høyrde. Bygnaden deira hadde for lite te stydja seg paa, aa difyre vilde dæ inkje meir til en ei slik Vindflaga, før han maatte brotna.

B. Men endaa tykjer eg dæ, at eg kann ikje skyna, kor Folk kunde verta so forhatuge aa sinte paa dei Fyremennenne som dei var skylduge te lyda. Naar dæ kunde ganga so langt, so maatte dæ væl svida saart, aa dei hadde vist lide mykjen Urett.

A. Dæ var no væl dæ, dei syntest, aa so var dei væl rædde fyre, at dei skulde lida endaa meir, sida dei saag kva Veg dæ tok te ganga. Dæ var mange som hadde klaga fyre dæ, aa radt til Ettegiving; men fyst so vart dæ no inkje ettelydt, aa sist paa fekk dei ikje Lov te klaga helder. Den som snakka fint aa roste alt, som dei store hadde gjort, han vart upphøgd aa æra framfyre andre, men den som skulde segja Sanningji beint fram, han vart nedsett aa forfylgd, som han hadde gjort ei Ulukka. Dæ vart sette so strenge Forbod paa all snakking aa Skriving um slike Ting, aa var dæ daa nokon som forsnakka seg, so fekk han nog svida fyre dæ. Dæ vart paalagt store Skattar aa Utlegg; aa so vart Penganne burtsumla aa uppøydde til Faanyttes, aa sume Tider fekk ein inkje vita kvar dæ vart av dei helder. Naar dæ no var einkvar som snakka væl fyre Aalmugjen, aa som kom fram mæ slike Raader elder Bøner, som disse Raadsherranne inkje lika, so var dei ille aa tvere, aa dæ var likt til, at dei hadde Gaman av dæ dei kunde plaga han aa gjera han til Meins. Slikt aa meir var no dæ som sette Harm aa Ergelse i Folkje; aa dæ var no inkje te undrast paa, um dær vart mukka aa murra, men dæ vilde ikje disse Raadsherranne bry seg um. Dei stola seg paa Magti, aa tykte so at dei hadde so mange Fangehus aa so mykje Krut aa Kulur, at dæ skulde ikje hava noko Naud mæ Mukkingji.

B. Men dæ synest eg daa var uvitugt gjort. Um disse Herranne hadde no so stor Magt, at dei tykst vera urædde, so skulde dei daa laga seg ette Folkje likevæl, baade fyre dæ, at dei kunde lita meir paa Folkje, naar noko nøydde paa, aa allermest fyre dæ, at dei kunde hava Hugnad aa Godvilje av Folkje sitt. Dei var no væl like gode Menner fyre dæ, um dei lempa seg noko ette sine Undermenner.

A. Ja, dæ var vist klokare gjort te laga seg ette Aalmennings Viljen aa giva ette so mykje som rett aa rimelegt var; aa meir skulde væl inkje Aalmenningjen krevja helder. Hadde dei gjort dæ i rette Tidi, so hadde dei fingje baade Takk aa Æra, aa sloppe baade Fyrekviding aa Ettesviding. Men dæ ær den Ulukka som fylgjer mæ, naar ein Mann fær for stor Magt, at han inkje tenkjer ette, kor dæ trykkjer paa den, som ær under komen. Aa so gjeng dæ væl like eins mæ dei store Herranne som mæ dei smaa; dæ ær ikje altid den høgste som ær den haraste. Um Overmannen endaa vilde vera snild aa folkeleg, so heve han altid eit lite Lag ikring seg, som heng i han aa eggjer han te bruka Magti. Dei høler aa snakkar fyre han, um at alting ær godt aa væl, at han skal inkje lyda ette dei som klagar, at dæ ær Skam te giva ette aa sleppa dæ Takje som han eingaang heve fingje, aa meir slikt. Aa so hender dæ stundom og, at dei narrar Folkje mæ Snakk aa Lovnad, som inkje ær noko Aalvore i; dei lovar godt, so lengje som dei ær rædde, men dei byd vondt, so snart som dei ær urædde.

B. Men naar no Aalmenningjen eingaang heve fingje Overmagti, so heve han væl Raad te faa dæ som han vil daa, aa so kunde dæ verta Fred aa Ro; difyre undrast eg paa, at denne Ufreden varer so lengje, at dæ ser ikje ut til nokon Ende.

A. Dæ kjem no utav dæ, at dær ær so mangt te kivast um, aa at dæ kjem upp alt meir aa meir, so lengje som Striden varer. Naar Riksstyre skal koma i ein ny Gang, so ær dæ mange Maatar te laga dæ paa, aa daa vil sume hava dæ paa den eine Maaten, aa sume paa den andre. Difyre hender dæ so lett, at Aalmenningjen vert usamheldig, aa naar no Aalmenningjen skil seg i tvo elder tri Flokkar, so held desse Flokkanne paa aa kivast seg imillom, aa daa passar dei gamle Raadsmennenne paa te vinna seg upp atte aa faa atte Magti si. So ær dæ ogso dæ Uhyggje, at naar Aalmenningjen heve fingje Magti, so gjeng han ogso for langt fram; hadde han daa vore varsam aa lempeleg i Tiltøkji sine, so hadde han vunne meir aa mist mindre. Men dæ ær ikje altid te venta, at alle skal lyda den som best vil, elder at dei nye Herranne skal halda slik ein Agje, som dei gamle kunde gjera naar dei vilde. Dei gamle hadde alting fyrelaga, aa var væl vane te hava Magti; aa naar no dei inkje heve meir Vit, en at dei tæk ein Mann aa skyt han ihel, fyre dæ han heve snakka imot dei, so ær dæ ikje ventande, at Aalmugjen skulde vera so mykje mildare, naar han slær seg laus. Man heve vore lengje erga aa uppeggja aa tykst hava mangein Harm te hemna; difyre ær dæ mange som tenkjer meir paa Hemnen enn paa sitt eigje Gagn, aa dæ ær ein stor Uvitingskap, som fører mykje ilt mæ seg.

B. Ja, naar eit Rikje eingaang ær kome i eit slikt Ulag, so skynar eg væl, at dæ ær mangt som gjeng verr enn dæ skulde, aa at dæ ær ikje altid beste Folkje som raader. Dær maa vist vera eit godt Tillaup fyre slike som elskar Ufreden aa vil gjera seg godt av dæ, at andre fær ille.

A. Dæ ær alt for sant; dær ær mange æregiruge Folk, som vil endelege hava eit stort Or aa vera vidgjetne, anten dæ so ær fyre dæ gode elder dæ vonde. Slike Karar brukar mange Raader te koma seg i Høgdi aa faa Magt yve dei andre; aa daa gjeng dæ ofta som dei gamle segjer, at naar ein vesall fær Vald, so veit han inkje Attehald. No ær dæ oftaste i dei store Byanne, at desse Umsnuinganne heve Upphave sitt; aa paa slike Stader ær dæ jamnaste ei stor Folkemengd, som heve lite te gjera aa lite te leva utav. Naar no ein slik Flokk vert uppeggja til dæ som ilt ær aa lokka mæ Gull aa grøne Skogar, so kann ein væl venta seg mange Ufærer; aa so ær dæ dæ leidaste, at dei Ulukkunne, som ein slik Flokk heve gjort, dei fær heile Folkje Skuldi fyre, endaa dæ ær største Parten av Folkje, som inkje veit um dæ.

B. Men kva skal no vera Enden paa alt dette? Dei vert no vel eingaang leide av Ufreden alle ihop.

A. Ein Ende maa dæ no verta paa dette som paa alt anna; men endaa ær dæ uvist kor dæ vil laga seg paa sume Stader. Franskmannen heve no gjort dæ av soleis, at han vil ikje hava nokon Kungje, men bære ein Fyrestandar, som heile Aalmenningjen skal velja. I dei andre Landi vil dei no inkje ganga so vidt; men dei vil fyst hava seg ei Grunnlog, som segjer greidt og tydelege, kor Kungjen aa Raade skal styra, og sida skal dær vera Aalmennings Ting elder Storting, som skal retta paa dei andre Sakjenne. Dæ ær paa same Lagje, som me heve dæ hær hjaa oss, aa den Styremaaten ær vist og den beste aa stødaste av alle. Daa heve Folkje ei Vissa paa Friheiti, aa like eins heve dæ ein Fyrestandar, som ær fødd aa uppalen til dæ, so dær kann ikje vera nokon Kiv elder Strid um, kvem som skal vera Fyremannen. At dæ endaa kann vera mangt smaatt te lasta paa, dæ ær ein Ting, som ingjen kann hjelpa fyre; dær finst inkje Rikje, som heve alting so væl laga, at inkje Menneskje skulde finna eitkvart Slag te klaga fyre.

Samtale imellem to bønder
Originalspråk nynorsk
Originaltittel
Skrevet av Ivar Aasen
Oversatt av
Publiseringsdato 1849
Kilde Prenta anonymt i «Morgenbladet» 1849, nr 5. Gjengjeve i Ivar Aasen, «Skrifter i samling, band II», Gyldendal 1911; elektronisk utgåve Det Norske Samlaget, 1997.
Wikipedia-referanser Ivar Aasen
Wikiquote-referanser Ivar Aasen
Andre kilder