Robert Emmet

Fra Wikikilden

Aa, nemn kje hans namn, ja det kvile i fre
der, kaldt aa uheira, hans jorstøv er lagt;
still, sorgtung aa myrk er den taara me græt
som den natdogg som fell i det gras paa hans grav.
Men den natdogg som fell, om ho græt der i løynd,
skal ho lyse med grønt paa den grav der han søv;
aa den taara me fell, om i løyndo ho renn,
skal ho lenge hans minne i vaar sjæl halde grønt.
(Etter Tomas Moore.)

Lukkelege Emmet!

Paa dørstokken til din manndom fek du døy for di livssak, før tvilen fek herje din heile, skuffelsen slite din barm aa aara kjøle din hug.

Kunne eg velje millom aa vere Shakspeare aa deg, — eg vilde vere deg.

Shakspeare kunne gjere bøker. Men kva er ei bok mot eit liv som dit! — Shakspeare hev kunna gripe aa varme sit teaterpublikum. Men du naadde med di aands logande eld ne-i dei djupaste lag i eit av Europas mest forkomne folk. Til kvar hytte, til kvar jorkjellar i det arme Irland hev eventyre om deg funne veg aa fyllt barmane med von aa varme. Dine kveikjande or hev i tunge stunder spent strengjene op i kvar motfallen ire. Aa du hev med dit herlege fyredøme mana mot aa tru aa reisingskraft fram i eit folk som elles vilde ligge som aatsel for ørn.

I heile den irske soga er der ikkje det namn som rører kvar irlendar sit hjarte slik som Robert Emmet.

Mange er dei som hev ofra seg for Irland. Mange hev late sit liv i oprør aa krigstummel. Mange hev maatt’ lagt sin hals under skarprettarøksa. Aa mange hev daana sine dage burt i engelske fangehol, eller for livsti vorte viste burt fraa fedrelande sit. — Mange motige, mange trufaste, mange ædle, mange evnerike, — aa alle fyllte med elsk til sit folk aa sit land, aa med hat mot under trykkjarane.

Men Robert Emmet va slik ei undarleg blanding av alle dei framifraa dygder som rører det beste i os aa som til alle tier vil vinne folks samhug. Aa der er so mykje romantik i hans korte liv, at mannen stend for det irske folk som helten over alle helta, som utsending, eit høgre væsen, femnande alt stort i sin eldfulle gløande barm.

Han va av got folk,[1] hadde ungdom, makelause evner, lukka med seg aa vegen aapen for seg til dei beste stillinga; aa alt anna timelegt goe, live kan by, hadde han i vente. Men han forsmaadde det alt for aa gaa i tenest aat ei stor sak. — Sjeni, eldhug, uryggjelegt mot, store voner, sterke kjensler, — alt strøymande ut fraa eit grunnærlegt hjarte (sluskap viste han ikkje av). Ein trufast patriot, ein trufast soldat, ein trufast elskar. Kjærleikseventyre hans er likeso gripande som hans politiske ferd. Der er, som det er sagt, ikkje ei ra av det som ikkje er graate over. — Stor som talar, stor som arbeisførar, aa diktarblo flaut i ædrene hans.

— Det va Robert Emmet slik som kjenninga hev skildra han aa ettemæle gjeng om han.

Tomas Moore, den irske nasjonalskalden, va ein av dei som kom med i Emmet-flokken aa fylde han med undring til hans dø. »Skulde eg ta ut nokon av alle dei eg hev set aa kjent som eg synes hev naat det høgste av rein moral blanda med aandens magt, so vilde eg setje Robert Emmet som den høgste blant dei faae. Han va ung, men han va fri for ungdoms daarskap aa ageløyse, endaa natura hans svulma av den sterkaste vill-taat« ..... »Eg hev mest aldri høyrt noko so stort aa karakter reint. Enkel i si framferd aa roleg i aasyn aa fakter. Det va berre i dei varmaste stunder naar han rørtes den strengen som sette heile hans sjæl i jæring, at han lyfte seg over vanlege folk. Ingen kunne vere meir ulik kvarandre enn Robert Emmet naar han tala, aa Robert Emmet etter talen. Augnebruene som saag dovne ut, ja næsten sorgtunge, lyfte seg lit om lit til sit fulle vitande om hans daarande magt, aa heile anlite aa figuren vart som forvandla av ein daatteleg inspirasjon.« 

Emmet vanka mykje i revolusjonsklubben, aa det liksom strøymde varme utfraa han aa smitta alle som kom nær. Med sin heite iver la han ut mot desse engelske storkaksane som med vold aa magt hadde velt seg inover lande aa helt det i age aa skamfoor folke som ulven naar han kjem i saueflokken. Dei unge lydde aa gløddes. Der vart rusk aa røre, so dei arme professorskoltane fek nok med aa halde styr paa. Dei vart rædde aa tenkte dei skulde sløkkje elden, aa sende baade ein aa hin lærde kulten ne-i klubben for aa ta avdage den unge »jakobinaren«. Men dei raadde kje med han; han fek berre meir eld paa tunga; aa dei stovelærde rædsprænane viste kje betre raa enn aa jage guten aa hans beste fyljesveina burt fraa universitete; aa dermed gjek revolusjonsklubben istaa.

Det va i februar 1798 dette. Kort ti ette vart bror hans, Tomas Emmet, sett fast. Det eine som det andre hissa guten berre en daa meir op, aa des ivrigare vart han til aa puste paa oprørselden i Dublin. Men øvrigheita hadde mistanke til han aa gjætte paa han seint aa tilegt, so han fann det klokast aa ta over til fastlande. Der raaka han ein heil flok irske rømlinga, aa i 1802 trefte han bror sin aa nokre andre som hadde rømt fraa fengsle i Dublin aa over til Frankrike. Mykje vondt ha dei lee alle desse rømlingane; men mote miste dei ikkje. Endaa, trudde dei, va der haap for Irland. Ja mangt tydde paa at det no skulde dagas for dette arme folke som so mang ein gong va slaat, men endaa ikkje reint lagt under. Aa desse opglødde rømlingane vilde ta paa seg det arbeie aa fyrebu det irske folk til aa nøyte høve, so snart det kom, reise seg aa kaste aake av seg. — Det sto helder ikkje verst til heime i Irland. Folke hadde kje mist alt mot. I eit par greivskap ha folke for ei stund sia reist seg. Dei vart slegne av overmagta; men det ga go von om, at ei folkereisning over heile lande vilde kunne magte aa feie kvareinaste britisk tyran utav lande. — Men si største von sette rømlingane til ufreen millom England aa Frankrike. Dei samraadde seg med Napoleon, aa han lova dei al den hjelp han kunne avsjaa. Robert Emmet va sjøl til Napoleon som ga han det svar, at det va tanken hans aa gjere infall i sjølve England.

Full av von vende Emmet attende til Dublin i oktober 1802. Han gjek utklæd aa under anna namn, aa synte seg so lite ute som raa va. Han sanka saman leivningane av revolusjonsklubben aa »Det irske samband«, aa med penge som han sjøl skaut til (han øydde al sin arv til dette), eller som han fek her aa der ifraa, tok han paa styre ut ein herstyrke. — I mai 1803 braut kri en ut millom England aa Frankrike. Dette sette ny kveik aa von i oprørsmennene. Emmet for som ei utsending. Alsta va han. Arbeisrom hadde han leigt her aa der i byen. Folk fek han tak i til aa hjelpe til med aa gjere krigsbuna. Fraa det eine arbeisrome til det andre gjek han, nat aa dag, — muntra folke op aa ordna aa hjelpte til alt det han kunne. Sømn trengde han mest ikkje. Dei faae timane han etter midnat laag paa ei madras i det eine oplagshuse aa kvilde lemene sine, dreiv tankane aa tomla med arbeisplana aa krigsplana. — Arbeie gjek got, spjot i tusenvis, rakjette, granata, børser, krut aa kuler aa andre krigsgreier gjore dei i haugvis aa gjøymde unna, til dagen sku kome. Folke fek slik tiltru til han, at dei gjerne vilde ha late sit liv for han. Aa arbeie gjore dei friviljugt, uta løn; den store sak aa Emmet sit eksempel fylte alle med offervilje. Aa friviljuge slutta seg saman til ein herstyrke aa øvde seg i krigskunst. Over tusen mann va alt komne med i komplotte, daa det hende som gjore ende paa draumane aa endra Irlands historie.

Det eine kruthuse sprang nemleg i lufta. Tvo mann kom til skae; dei døe i fange aat Emmet. — Men daa vakna autoritetane! »Regjeringa søv paa ei mine«, skreiv eit bla.

For revolusjonskarane va det no inga ti aa spille. Knapt halferuge laut dei gaa paa med den hjelp dei hadde. 23. juli braut det laust. Ein proklamasjon skreven av Emmet vart slaat op paa alle gatehynner. Men faafengt va det. Størsteparten av folke hans drog seg unna naar det bar aat. Berre ein liten flok paa væl hundra mann møtte. Dei gjek mot slotte; det skulde fyrst takas. Al slags pøbel aa gateslusk strøymde til, mest for aa halde leven aa gjere ugagn. Justisministeren som kom kjøyrande med dotter si aa ein prest, vart støyt ne av vogna aa krasa. Det va med nau Emmet fek berge dottera. Den arme føraren skyna snart, at heren hans va faarleg for alle so nær som for fienden. Di nærare dei kom slotte, di fleire drog seg unna. Aa daa militærstyrken rykte mot dei, saag Emmet berre ein liten flok trufaste ikring seg. Han tok flugta, med heile den britiske bande av spiona aa blohunda etter seg. Til Wicklow-fjella naadde han uskadd med nokre av kameratane sine. Desse meinte at endaa va der von. Berre eit vink, — aa heile Irland vilde reise seg, trudde dei. Men Emmet hadde mist mote. Han saag for væl at alt va tapt. Venene hans viste daa, ikkje betre enn aa be han ta te rømings ut or lande. Aa han kunne ha berga seg paa den maaten, dersom live hadde vore det dyraste for han. Men i hjarte hans loga ein annan eld likeso heit aa sterk som den som brann for Irland. Med heile sin ædle reine ville lidenskap elska han ei ung kvinne, so høgbyrdig, so gild, so vakker som han sjøl, — ei kvinne som va han verd: Sarah Curran. Han kjende liksom paa seg, at reiste han no, fek han kanskje aldri meir sjo ho att. Aa den tanken helt han kje ut. Han maatte treffe ho, fortelje ho grunnane for sin handlemaate, so ho iminste skulde sleppe tru vondt om han. Endaa ein gong maatte han faa skoe in i henna djupe drøymande augo aa suge styrke i si hugløyse, endaa ein gong høyre henna varme røst aa kjenne henna famntak. — »Om eg so maa døy tusen gonge maa eg sjaa ho att«, sa han.

Han kom seg til Dublin. Ein heil maane laag han gjøymd hjaa ei ung trufast jente. Namne er kje gløymt; Anne Devlin heitte ho. Politie va etter ho gong paa gong, stak ho i kjøte med kniva aa misfor ho paa mange maata. Men ikkje eit or fek dei av ho om Emmet. Men dei fann han daa teslut, skaut ei kule i aksla hans, so han ikkje skulde vere go for aa flygte. Majoren som skaut, lest ettepaa be om aarsaking: »Aa, alt er tillatt i kri«, svara Emmet turt.

Tvo dage etter han va fengsla, skreiv han eit brev te jenta si, aa ga fangevoktaren mange penge for aa bere det fram. Men istaenfor aa gaa til jenta med breve, bar han det til statsadvokaten. Dette fek Emmet vite; aa denne svikfera harma han meir enn alt anna. Han va ræd jenta va den som kom til aa svie for det, skulde breve aa dermed henna namn kome fram for retten. Han skreiv til domarane aa ba dei om aa skaane ho. Han bau seg til aa gaa ved alt for retten aa ikkje seie eit or til sit forsvar, berre ho slap aa kome ut for folkesnak. Men det hjelpte inkje.

Kor domen over Emmet vilde lye va got aa vite; domen va avsagd fyreaat. Emmet kjende sin lagna. — Ein dag fangevoktaren kom daatteleg paa lian, sat han aa fletta paa ein haarlok som Sarah hadde sent han. »Denne vil eg ha med meg paa skafotte«, sa han aa gløste op. Paa bore laag eit potræt av han som han sjøl hadde tekna. Hovue va skilt fraa kroppen som laag attved med lemene strekte.

Eorhøre begynde kl. 10 f. m. Statsadvokaten kom med ein del sleiske or aa skulda Emmet for oprør aa landssvik. So fek Emmet ore. Rolegt aa fast tala han, aa med klaart høgt maal, so det høyrdes heilt uti gangane der det sto fult av folk. Han va kje bitter, tala helder mjukt aa sagt modeleg, men med slik megtig glø som einast kan gjøyve ut av eit heitt hjarte i ei stund som denne. Aldri hev ein tale gaat slik til merg aa bein som denne. Kvart or brann seg som ein eld in i barmane aat alle som høyrde paa; aa fraa desse spreiddes han viare. Kvar hugvarm ire kan den dag i dag talen tilende. Jamvæl brevskrivaren aat storblae »Times« som fordømde oprøre, maatte undre seg aa skreiv blant anna: »Men det maa eg tilstaa, han va stor midt i si vilfaring. Daa han paa forhørsdagen, i den stund grava opna seg for han, fek sjølve rettens mura til aa skjelve ved den kraft aa glans som strøymde fraa talen hans, — daa saag eg den snikja som far hans hadde nørt ved sin barm (lord Plunket) bibre for hans augnekast, aa det utskote som dømde han (lord Norbury) blikne aa skjelve paa sin stol«.

Ein tale ingidd aa halden i ei slik stund kan ikkje setjas paa prent. Det er meir mannen sjøl, aa dette levande fløymande dirrande kjenslesvulmande i røst aa anlitsdrag som virka, enn ora sjølve. Men jamvæl den daam som ligg over talen slik han lyer i det irske maale, er det raalaust aa faa fram i omsetjing. Eg tek no med det meste av han lei, — frit omsett.

————————

„La ingen skrive gravskrifta
mi. La minne mit vere gjøymt
aa gløymt, til andre tie kjem
aa andre menn som kan gjere
karakteren min ret aa skjel“.

»Mine herra!

Kva skal eg seie at ikkje døsdomen skal falle over meg? Ingen ting hev eg aa seie som kan endre det de alt hev avgjort. Helder ingen ting kan eg bere fram som kunne mildne den domen de er komne her for aa kungjere. Aa eg skal finne meg i det. — Men eit hev eg aa verje om som er meir verd enn live, aa som de i fylje dykka handverk hev arbeit paa aa skjemme. Eg hev mykje aa seie at ikkje minne mit skal kome i vanrygte av alt det falske snak aa al den tising aa alle dei klagemaal som er reist mot meg. Eg inbiller meg ikkje, at de høge herrane skal vere so samvitsreine at de skulde kunne faa den minste teft av kjenslene mine ved det eg seier. Eg hev inga von om at eg kan ankre min karakter i bryste aat ein domstol slik samansett som denne. Eg berre ynskjer, at de herrane mine vil la minne mit glie neover bøkene dykka, upletta av fordomen sin stygge ande, til det finn ei meir gjestmild hamn som kan ta av mot den storm som no susar om det.

Skulde eg berre lie døen etter aa vere dømd skuldig av domstolen, so skulde eg bukke i stilheit aa møte den lagnaen som venter meg uta aa knurre. Men den domskjenning som overlæt meg til bøddelen vil gjere sit til aa sulke min karakter. For enten maa domsavgjerdsla vere rang, eller der maa vere ureint i min handlemaate. Aa ein mann i min plass, mine herra, hev kje einast aa tenkje paa seg sjøl; men han maa tenkje paa den virkning live aa handlingane hans aa minne om han kan ha paa andre. Mannen døyr, men minne lever. — At mit minne ikkje skal drukne i grumse, at det maa leve aa eige mine landsmenns vyrna, — derfor tek eg høve til aa frie meg fraa nokre av dei ankemaal som er reist mot meg. Naar aanda mi er blaast burt til ein venlegare port, naar skuggen min er komen ilag med dei martyrheltane som før meg hev gote bloe sit paa skafotte aa slagmarka for retferd aa fedreland, — daa ynskjer eg at minne mit aa namne mit kan kveikje dei som lever ette meg, med’ eg ser med hugna paa kor dei tyner denne svikfulle styring, som held si magt oppe ved aa spotte aa krenkje det høgste, — som breier si magt over lande aa kuga folke under seg som dyr, — som reiser mann mot mann, bror mot bror, aa lyfter si hand, i guds namn, mot strupen aat den som i tru eller tvil gjeng utom den grensa som styringa hev sett op; — ei regjering herda til barbari av klagemaale fraa dei drepne sine slegtninga aa taarene aat dei enkjer ho hev gjort.

(Her braut lord Norbury talen av aa meinte, at utskjemde entusiasta som følte slik, liktes ikkje sine eigne ville plana).

Eg skyt meg under guds dom. — Eg sver ved himmelens trone som eg snart skal staa fram for, — ved bloe aat dei drepne fedrelandsvenene som er gaad fyre meg, at handlemaaten min jenom alle desse faara aa jenom al mi ferd hev sprunge ut fraa den tanke aa den kjensle eg hev nemnt, aa at eg inga anna utsigt eller fyremaal hev havt enn det aa rædde mit land fraa den umenneskjelege undertrykkjing som folke so lenge aa altfor lenge med tolmo hev lee under. Aa det trur eg forvist, at endaa er der samhald aa kraft nok i Irland til aa fullbyrde dette ædle verke.

Eg tala om dette med full visheit, etter al den kjenskap eg hev til mit folk. Tru ikkje, mine herra, at eg seier det for aa faa den vesle glea aa uroe dyk ei kort stund. Ein mann som endaa aldri hev sagt eit usant or, han vil ikkje skjemme sin karakter med lygn om fedrelande sit i ei stund som denne. Ja, mine herra, ein mann som ikkje ynskjer aa faa si gravskrift før lande hans er frit, han vil kje late vaapen i fiendehand, eller kome med ting som skulde blekkje det minne han tenkjer aa halde reint endaa i den grav tyranie dømer han til.

(Her vart han avbroten.)

Eg tek det opatt, — kva eg hev sagt va ikkje sagt aat dyk, mine herra; for de paa dykka plass er meir aa ynke enn aa hate. Det eg sa, va sagt til mine landsmenn. Er her ein irmann tilstaes, la mit siste or elde han op i hans sorgens stunder.

(Her braut lord Norbury av aa meinte, at han sat kje de for aa høyre paa ein forrædar).

Eg hev alti tenkt det va ein domar si pligt aa halde seg til loven, naar ein fange skal dømas skuldig. Eg hev ogso tenkt det va ein domar si pligt aa høyre paa med tolmo aa tale folkelegt, retleie lovens offer aa samvitsfullt gjere seg op sin meining om dei grunnar som førde han til den gjerning han skal dømas for. Men kvar er den lovpriste fridomen i lovene dykka, — den retferd aa skaansel aa milde i domstolane dykka som de hev skrøyt so mykje av, naar ein vanlukkeleg fange som politie, aa ikkje retten, er paa veg til aa sende til skarprettaren, ikkje aalvorslegt aa sanferdigt skal faa forklare grunnane for sin handlemaate?

De, min herre, er domaren; eg er den som skal dømas. Eg er eit menneskje; De er og eit menneskje. Under ein revolusjon kunne me ha bytt plass, — men aldri karakter. Dersom eg stend for retten aa ikkje kan faa forsvare min karakter, for ei komedie er daa ikkje domstolen! Dersom eg stend for retten aa ikkje faar forsvare min karakter, kor kan de daa vaage aa baktale han? Politidomen som alt hev dømt lekame mit til dø, skal han au døme tunga mi til togn aa rygte mit til vanære? Bødlane dykka kan gjere ende paa mit liv; men so lenge eg er til, skal eg verje min karakter aa grunnane mine mot dykka tilsulking. Aa som ein mann som held æra dyrare enn live vil eg bruke min siste livsrest til aa gjere ret mot det rygte som vil leve etter meg, aa som er det einaste testament eg kan late etter meg til dei eg æra aa elska, aa som eg er stolt av aa omkome for.« 

— — — — — — — — — — — — — — —

Eg spring over ein bolk av talen her, der han skildra kva han hadde gjort aa kva grunne han ha havt. Frankrike hadde han søkt om hjelp, ikkje for aa selje lande sit, men for aa faa hjelp til aa rive det ut av Englands klø. Han enda talen med desse or —:

»Eg ynskte aa skaffe lande mit same hjelp som Washington skaffa Amerika —: ei hjelp som med sit eksempel vilde verte likeso vigtig som med si mannemagt, — ein herstyrke optamd, tapper aa rik paa kunskap aa røynsle, — ein herstyrke som vilde hjelpe op det goe i os, aa slipe det daarlege av. Dei vilde kome til os som framande, dele vaare faara, lyfte vaar lagna, aa forlate os som vener. — Dette va tanken min. Eg ba ikkje om nye herra, men om hjelp til aa tyne dei gamle. Aa eg gjek til Frankrike fordi Frankrike jamvæl som fiende aldri kunne ha vorte meir ilsk aa barbarisk enn den fienda som velter seg i barmen paa mit land.

(Her vart han avbroten av retten.)

De hev skvilda meg for aa vere slutsteinen i irmennene si samanslutning til ei folkereising, — eller som your Lordskip kalla det: »samansverjelsens liv aa blo«. — De gjer meg for stor ære. De hev git sveinen det som kjem meisteren til. Der er folk med i denne opreisten som ikkje berre stend over meg, men ogso over Dykka store tanka om Dyk sjøle, mylord; folk som eg skulde bukke for med ærefrygt; folk som vilde skamme seg for aa bli kalla venen Dykka aa som ikkje vilde vanære seg med aa ta i Dykka blo-valka hand.

(Her vart han avbroten.)

Kva slag, mine herra? Skal de fortelje meg paa min veg til det skafotte som det hev reist aat meg det tyranie som de berre er millom-bødla for, skal de fortelje meg at eg er ansvarleg for alt det blo som hev ronne aa vil renne i dei undertrykte sin kamp mot undertrykkjarane? Skal de fortelje meg dette aa eg vere slave nok til aa teie?

Eg ræddas ikkje for aa møte den fullgyllige domsmannen aa svare for mi livsferd, — skal eg daa verte skræmd av utvatna moral-løyser, av Dykke som ved Dykka skitne styring hev aust ut so mykje blo, at dersom det kunne samlas, vart det eit hav som your Lordship kunne symje i?!

(Her vart hau avbroten.)

La ingen vaage skulde meg for æreløyse naar eg er dø, la ingen sulke rygte mit ved aa tru at eg kimne inlate meg paa anna enn det som eg trudde va til mit lands frigjering, eller at eg va ein sleisk jypling som vilde aale meg fram til magt ved aa trakke mine landsmenn under meg. Proklamasjonen om ser-styre for Irland syner fyremaale vaart. Ingen kan pine den slutning utav proklamasjonen at me vilde tyrani aa vanæring heime, eller undergjeving aa svik utatil. Eg vilde kje kunne ha kasta meg paa kne for ei framand herskarmagt av same grunn som eg reiste meg mot dei heimlege tyranane. I pagt med fridomselsken i min barm vilde eg ha kjempa paa dørstokken aat mit land, aa in i lande skulde fienda maatte ha gaat over mit lik. — Eg som hev levt for mit land aa vaaga meg fram tras alle faara aa feller som dei skinsjuke aa ottefulle undertrykkjarane hev sett op ikring meg, vaaga meg i stri for mit lands sjølstyre-ret, — skal eg verte tildengd med bakvasking aa skjelsor om landssvik, aa ikkje faa vise det fraa meg! — Det gud forbye.

— Dersom aandene aat dei avlidne gjæve tek del i sorjene aat dei som er dei kjær i dette skiftande jorlive, — aa! du alti kjære høgvyrde aand aat min av lidne far, sjaa ne paa denne lidande sonen din, sjaa, aa gransk, om eg endaa ein augneblink hev synda mot dei prinsip om moral aa fedrelandselsk som det va di omsorg aa plante in i mi unge sjæl, aa som eg no skal late mit liv for!

Mine herra, de venter paa offre — men bloe som de søkjer er kje storkna av den skræmsel som larma om offerdyre; det renn varmt aa rolegt jenom dei ædrer som gud skapte til ædlare fyremaal, — fyremaal so aalvorlege at dei ropa til himmelen. Ver tolige! Eg hev berre faae or aa seie. Eg gjeng til mi kalde stille grav; min livslampe er snart utbrend; min gang er tilende. Grava opna seg alt for aa ta mot meg; eg søkk i henna fang. Eg hev berre ei bøn ved min avskje med verda, aa det er togna si barmhjartigheit. La ingen skrive mi gravskrift; for ettersom ingen som no kjenner grunnane mine, tore forsvare dei, la kje fordom aa faakunne sulke dei til. La dei aa meg kvile i myrke aa fre, aa grava mi staa uta paaskrift til andre tie kjem aa andre menn som kan gjere min karakter ret. Naar mit land tek sin plass blant jorens nasjoner, — daa, aa fyrst daa, la mi gravskrift bli skreva. — Eg er ferdig.«

————————

Domen fall kl. 1. Emmet skulde hengas fyrst, aa attpaa halshoggas. Fraa retten vart han førd uti ei vogn aa kjaurt 10 engels mil utpaa lande, daa dei ottas for at folke med magt vilde rive han ut or fengsle. Fyrst daa dei naadde fram løyste dei av han jarna som va snørd om han so hart at bloe rann ut av dei sundsprengde lemene. Han fek lit mat aa somna. Vakna fyrst seint paa kveld. Dei faae timane som va att brukte han til aa skrive brev, eit til bror sin, eit til Sarah, aa eit til bror aat Sarah. Kl. 1 om natta vart han henta aa kjaurt attende til rettarstaen. Slik dragande magt hadde han over folk, at fangevoktaren uvita daa Emmet tok farvel med han. — Ein storfolkesverm hadde samla seg om skafotte. Han gjek sjøl opaa lemen, roleg aa fast. (Til ein ven som sto atmed fek han stikke breve til Sarah Curran; men venen vart sett fast, aa breve kom aldri fram). Han tok sjøl halskluten av seg aa hjelpte til med aa binde strikka om halsen. Eit par menut, — aa restane av ein av dei gildaste menneskje som hev levt dingla millom himmel aa jor, — hengd av sit lands undertrykkjara, med livstraaen avskoren i si ungdoms blomstring, i si fyrste aandelege aa lekamlege utvikling, fordi han hadde elska sit folk, aa hata sit folks svolkara — »Gud bevare os for slike folk«, skreiv regjeringsblae i London; »likevæl hev me aldri set eit menneskje døy som han. Han va ein gudlaus mann, aa til presten som fylde han sa han: »Eg takka Dyk for umaken; men det er faafengt. Meiningane mine om denne sak hev alt lenge vore op aa avgjore, aa dette er kje stunda til aa skifte dei«.« 

Bødlane tok lekame ne; men endaa va kje domen fullbyrda. Dei maatte skjere halsen av, tok hovne aa synte fram for folke med dei or: »Dette er hovue aat forrædaren!« Folke sto som lamslegne av rædsle aa sorg, aa tunge taarer hagla neover kvart eit anlit. Dei kjende aa skyna at han ingen forrædar va, men ein martyr for Irland. Aa daa molane va tekne burt aa militærstyrken va reist, daa strøymde unge aa gamle til skafotte for aa dyppe lommedukane i martyrbloe for al sin dag aa ha eit minne om den hugsterke helten. Aa med dette hans hjarteblo ved sin barm hev det irske folk gjøymt minne hans, fagert aa reint, til denne dag, aa vil gjøyme det so lenge ira bur i lande.

————————

Sarah Curran, — ho hev vorte som ein helgen for ungdomen i Irland. Vers aa segner gjeng om ho, aa rørande er soga henna som eit dikt. Ho va dotter aat advokat Curran, ein mann velkjend i sit land fordi han so varmt forsvara ophavsmennene til revolusjonen i 1798. Robert Emmet hadde vanka der i huse, aa Sarah aa han vart gla i kvarandre. Men gamlen som skyna dette, aa som skyna kva ende det vilde ta med ein so hugstor gut i eit nekua land, forbau dei aa vere saman. Emmet fek aldri meir kome i huse; men i løynd skreiv dei til kvarandre, til døen skilde dei aat. Daa vart live tomt aa gleelaust for ho. Fraa seg av sorg aa sakna vandra ho som ein skugge ikring, frelaus aa heimlaus kvar ho kom. Ho gjek i kloster aa døe paa Sisilien, trøyt av lengting.

»Ho er langt fraa det land der den ung-helten søv
aa elskara runt om ho sukka.
Men kaldt ho seg vender ifraa dei aa græt,
henna hjarte i grava hans kviler.

Ville songa ho syng fraa si heimlege strand
kvar ei plite han elska maa vakne.
Aa! — Minst kan dei tru dei ho gle med si røst,
kor hjarte av hugverk det banka.

Han ha levt for sin elsk, for sit land ha han døtt,
det va alt det i live som bat han.
Ikkje snart vil han staggas den graat i hans land,
ikkje lenge hans brud leve etter han.

Aa, gjer ho ei grav der som solstraalan’ skin,
naar dei spretter ein glansande morgo.
Dei vil skine paa grava som smil ifraa vest
fraa den heimkjære øy full av sorg-bo.«

(etter Thomas Moore.)

  1. Robert Emmet er fød 1778. Va son aat ein vælkjend aa gjæv dokter. Vart send til universitete i Dublin i same tie som det revolusjonære irske samlage i al løyndom helt paa aa bli til. Han kom med i dette, fek ein flok studenta ikring seg aa vart snart føraren for det nasjonale partie.