Rikets tilstand 2002

Fra Wikikilden
MELDING FRÅ KONGEN
TIL STORTINGET
OM NOREGS RIKES TILSTAND OG STYRING
I TIDA ETTER SISTE MELDING
Melding frå Kongen til Stortinget
om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gjev Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Terroråtaka mot USA 11. september i fjor representerte eit tidsskilje i internasjonal politikk. Internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen utgjer i dag den største trusselen mot internasjonal fred og tryggleik.

Kampen mot internasjonal terrorisme har blitt ført vidare med eit breitt spekter av verkemiddel, som omfattar politiske, økonomiske, juridiske og militære tiltak. Noreg har aktivt følgt opp det historiske artikkel 5-vedtaket i NATO ved å delta i operasjonen Enduring Freedom. I tillegg har vi delteke i den fleirnasjonale ISAF-styrken i FN-regi. Vi har samtidig halde fram med bistanden vår til Afghanistan, som består av både humanitær og annan bistand. Formannskapen vår i gjevarlandsgruppa for Afghanistan (ASG) har gjeve oss ei sentral rolle i den humanitære innsatsen som det internasjonale samfunnet har gjort i landet.

Regjeringa har gjeve utviklingssamarbeidet høg prioritet. I 2002 er det 50 år sidan Stortinget første gongen løyvde midlar til utviklingshjelp. Årets bistandsbudsjett utgjer 0,92 pst. av den venta brutto nasjonalinntekta for 2002. Å verkeleggjere FNs tusenårsmål, med mellom anna ei halvering av fattigdommen innan 2015, er ei sentral utfordring også for norsk utviklingspolitikk. Regjeringa har i år lagt fram ein handlingsplan for den internasjonale kampen mot fattigdom. Regjeringa har vidareført ein sterk innsats mot hiv-/aidsepidemien.

Frå 1. juli i år fekk dei minst utvikla landa full toll- og kvotefridom for import til Noreg.

Regjeringa har lagt vekt på å føre ein aktiv og realistisk europapolitikk, der målsetjinga har vore å utnytte EØS-avtala og dei andre tilknytingspunkta våre til EU fullt ut. Regjeringa la i vår for første gong fram ei melding, som frå no av skal bli årleg, om status for EØS-samarbeidet.

I mai ratifiserte Noreg som eit av dei første industrilanda Kyoto-protokollen om utslepp av klimagassar. Noreg medverka til ei forhandlingsløysing ved det siste partsmøtet og arbeidde mot ei utholing av forpliktingane. Noreg har vore pådrivar for at andre industriland skal ratifisere avtala.

Regjeringa la i mai fram eit revidert budsjett for 2002 som var innanfor handlingsregelen for budsjettpolitikken. Budsjettet vart halde innanfor rammene også etter handsaminga i Stortinget.

Styringsrenta til Noregs Bank, foliorenta, er pr. 1. september 2002 på 7 pst. Det er det same som i fjor på same tid. Kronekursen har styrkt seg med 8,6 pst. hittil i år målt etter konkurransekursindeksen.

Den reelle veksten i inntektene i kommunesektoren i 2002 vart i Revidert nasjonalbudsjett 2002 rekna til knapt 1 pst., eller om lag 13⁄4 mrd. kroner. Etter at Revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram, er lønnsoppgjeret for dei tilsette i kommunesektoren avslutta. Lønnsoppgjeret peikar mot høgare kostnader i kommunesektoren enn det som vart lagt til grunn. På den andre sida gjev høgare lønn auka skatteinntekter for kommunar og fylkeskommunar.

Arbeidsmarknaden har vorte noko svekt det siste året. Det er likevel mangel på arbeidskraft i ein del næringar og yrke. Ved utgangen av august var den registrerte, sesongjusterte arbeidsløysa 3,2 pst. Yrkesdeltakinga i Noreg er blant dei høgaste i verda. I fjor var 73,5 pst. av alle nordmenn mellom 16 og 74 år anten i arbeid eller søkte etter arbeid. Kvinnene utgjorde i fjor vel 47 pst. av alle sysselsette.

Regjeringa la i april fram ei stortingsmelding om samfunnstryggleik. I tillegg til tiltak for å gjere enkeltsektorar mindre sårbare blir den samordnings- og tilsynsrolla som Justis- og politidepartementet har på tryggleiks- og beredskapsområdet, utvikla vidare og styrka.

Forsvaret har i 2002 ført vidare ein svært omfattande omstillingsprosess. Stortinget handsama i vår eit framlegg frå Regjeringa om tiltak for å sikre stabile rammevilkår som ledd i den pågåande omstillinga og moderniseringa av Forsvaret.

Regjeringa gav i april Stortinget ei utgreiing om distrikts- og regionalpolitikken. Målet er å sikre busetjing, verdiskaping og levedyktige lokalsamfunn over heile landet. Regjeringa har lagt opp til ein offensiv politikk for lokalisering av statlege oppgåver utanfor hovudstaden.

Regjeringa la i mars fram ei stortingsmelding om havmiljø som legg opp til ein ny og meir effektiv politikk når det gjeld tryggleik og beredskap langs kysten, miljøgifter, forureining av sediment og null-utslepp frå olje- og gassverksemda.

Det er forhandla fram ei jordbruksavtale mellom staten og Norges Bondelag som skal medverke til ei klar modernisering av norsk landbruk. Regjeringa la fram ein proposisjon basert på avtala, som fekk tilslutning i Stortinget.

Stortinget har handsama stortingsmeldinga «Et mindre og bedre statlig eierskap». Meldinga gjorde greie for generelle spørsmål vedrørande den statlege eigarskapen i norsk næringsliv og tiltak som kan styrkje privat eigarskap. Eit hovudelement i meldinga var vidare vurderingar av spørsmål knytte til målet om ei betre organisering og forvaltning av den statlege eigarskapen.

Ansvaret for spesialisthelsetenesta vart 1. januar 2002 overført til staten, og sjukehusreforma vart sett i verk. Fem regionale helseføretak er i verksemd med brukarutval i alle regionar. Sjukehusreforma har alt resultert i kortare ventetid for behandling.

Stortinget har handsama stortingsmeldinga om evaluering av lov om medisinsk bruk av bioteknologi med tilslutning til hovudpunkta i framlegget frå Regjeringa. Regjeringa har vidare lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg til lov om biobankar. Lovframlegget omhandlar innhenting, oppbevaring og bruk av menneskeleg biologisk materiale.

Regjeringa har støtta aktivt opp om intensjonsavtala mellom partane i næringslivet og staten om eit meir inkluderande arbeidsliv for å redusere sjukefråværet, gje arbeid til fleire med redusert funksjonsevne og auke avgangsalderen. Avtala er følgd opp på budsjettet og med lovendringar både når det gjeld sjukepengar og uførepensjonar.

Handlingsplanen for eldreomsorga har gjeve 12 000 nye årsverk innanfor pleie- og omsorgssektoren. Det har vore ein kraftig auke i talet på sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med heildøgnstilbod.

Regjeringa har sett i verk tiltak for å betre situasjonen for vanskelegstilte. Innsatsen gjeld mellom anna auka barnetillegg til alders- og uførepensjonistar som har forsørgjaransvar for barn, normering av sosialhjelpsatsar og tiltak for bustadlause.

I 2001 vart det etablert nye barnehageplassar til 2 800 barn. Det er frå juli 2002 innført stimuleringstilskott til etablering av nye barnehagar og frå august er statstilskottet til drift auka for å medverke til auka utbygging og redusert foreldrebetaling.

Regjeringa har sett i verk tiltak for å sikre høgast mogleg kvalitet på grunnopplæringa for flest mogleg elevar og ein meir open skole. Det skal også bli meir å velje mellom for skoleeigarar, skoleleiarar, lærarar og elevar.

I samsvar med framlegget frå Regjeringa vedtok Stortinget våren 2002 ei bindande kostnadsramme for nytt operahus i Bjørvika. Vedtak om startløyving vart gjort av Stortinget i juni. Staten har fått i gang eit samarbeid med Oslo kommune og grunneigarane om ei forsert utvikling av området.

*********

Noreg har teke aktivt del i arbeidet med å tilpasse NATO til den endra tryggingspolitiske situasjonen. Frå norsk side har vi streka under at NATO må stå best mogleg rusta til å møte truslane frå internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Regjeringa har lagt vekt på å vidareutvikle og styrkje det transatlantiske samkvemet og arbeidd for å bevare det sterke interessefellesskapet mellom Europa og USA.

Regjeringa har også arbeidd for ei meir balansert fordeling av plikter og oppgåver mellom USA og Europa. Vi har derfor støtta aktivt opp om EUs tryggings- og forsvarspolitiske samarbeid. Det er bakgrunnen for at vi har sagt oss villige til å stille styrkar i samband med at EU skal overta FNs politioperasjon i Bosnia-Hercegovina.

Noreg har også arbeidd aktivt for eit styrkt alliert samarbeid med Russland. Opprettinga av NATO-Russland-rådet på toppmøtet i Roma i mai var banebrytande.

Noreg avslutta i oktober i fjor perioden som leiar for NATO-styrken i Kosovo (KFOR).

Noreg stør den komande utvidinga av EU. Den er eit viktig bidrag til varig fred og stabilitet i Europa. Gjennom Handlingsplanen for Noregs samarbeid med søkjarlanda har vi ønskt å bidra til å førebu søkjarlanda best mogleg på ein framtidig EU- og EØS-medlemsskap.

Regjeringa har ført vidare Noregs engasjement i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og teke aktivt del i arbeidet med å gjere organisasjonen betre i stand til å førebyggje og løyse konfliktar.

Noreg har i 2002 vidareført engasjementet sitt saman med allierte og partnarland for å tryggje stabiliteten og ei demokratisk utvikling på Balkan. Regjeringa har sett det som viktig å medverke til å støtte konsolideringa av reformprosessane i landa på Vest-Balkan og at desse på sikt også skal integrerast i europeiske og transatlantiske samarbeidsinstitusjonar.

I vårt eige tosidige forhold til Russland har Regjeringa lagt vekt på å utvikle vidare det breie samarbeidet på område som miljø, atomtryggleik, utdanning, helse, forsvar og næringsliv. Samtidig er det klart at fleire av dei største utfordringane i forhold til Russland ikkje kan løysast utan gjennom eit nært samarbeid med det internasjonale samfunnet.

Det gjeld ikkje minst dei enorme atom- og miljøproblema i nord.

Regjeringa har ført vidare eit sterkt norsk engasjement for å verne om og styrkje menneskerettane. Den internasjonale straffedomstolen vart formelt etablert 1. juli i år.

Noregs aktive deltaking i Tryggingsrådet i FN og Noregs sterke engasjement for fred og forsoning er ført vidare. Arbeidet for fred og konfliktløysing i Afrika har stått sentralt på dagsordenen i Tryggingsrådet. Noreg har spelt ei viktig rolle mellom anna med omsyn til fredsinitiativ på Afrikas horn. Noreg har også teke aktivt del i tilrettelegginga av fredsprosessen for Sudan i samarbeid med mellom andre USA og Storbritannia. I mars spelte Noreg som formann i Tryggingsrådet ei nøkkelrolle i arbeidet med å få vedteke to viktige resolusjonar om Midtausten. Regjeringa har ved vedtak i Tryggingsrådet i mai fått gjennomslag for ei omlegging av sanksjonane mot Irak.

Regjeringa deltok i 2002 aktivt med å førebu og gjennomføre FN-konferansen om finansiering av utvikling i Mexico i mars, FNs spesialsesjon om barn i mai, der vi inkluderte barn som delegatar og Mattoppmøtet i Roma i juni.

Toppmøtet om bærekraftig utvikling i Johannesburg sette søkelyset på sammenhenger mellom fattigdom, helse og miljø. Noreg var ein aktiv pådrivar for at det vart oppnådd resultat på viktige område som vatn og sanitær, skadelege kjemialiar og bevaring av biologisk mangfold.

Noreg har halde fram engasjementet sitt som tilretteleggjar for fredsprosessen på Sri Lanka og medverka til å forhandle fram ei våpenkvileavtale mellom den srilankiske regjeringa og Tamil-tigrane.

Noreg deltek aktivt i den nye forhandlingsrunden i Verdshandelsorganisasjonen (WTO), der siktemålet er å styrkje det internasjonale handelssystemet og å sikre meir rettferdige internasjonale handelsvilkår.

Regjeringa har lagt fram Nasjonal strategi for berekraftig utvikling.

Arbeidet med å synleggjere norske haldningar og synspunkt gjennom ulike presse-, informasjons- og kulturtiltak har hatt høg prioritet.

Noreg har i 2002 hatt formannskapen i SHIR-BRIG, Stand-By High Readiness Brigade for UN Operations. Den internasjonale brigadeformasjonen vart ved inngangen til 2002 meldt tilgjengeleg for fredsbevarande operasjonar i regi av FN.

I januar ratifiserte Noreg Gøteborg-protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon.

Noreg har også ratifisert Stockholms-konvensjonen om organiske miljøgifter.

Noreg deltok aktivt i forhandlingsprosessen om internasjonal miljøforvaltning (International Environmental Governance – IEG), som vart avslutta i februar 2002.

Noreg har arbeidd aktivt i internasjonale fora for ei berekraftig utnytting og forvaltning av ressursane i havet.

Ved utgangen av 2001 var verdien av Statens petroleumsfond 619 mrd. kroner. Marknadsverdien av Petroleumsfondet inklusive Miljøfondet var ved utgangen av 2. kvartal 2002 605 mrd. kroner. Frå utgangen av 2001 til utgangen av 2. kvartal 2002 har fondet hatt ei avkastning på minus 13 pst. Den svake utviklinga skuldast dels nedgangen i dei internasjonale aksjemarknadene og dels ei styrking av kronekursen.

Verdiskapinga i Fastlands-Noreg, målt med bruttonasjonalproduktet i faste prisar, auka med 1,2 pst. i fjor ifølgje tal i førebels nasjonalrekneskap. Verdiskapinga auka innanfor bygg og anlegg og innanfor tenesteytande næringar, medan det var nedgang innanfor primærnæringane og i industrien. Samla BNP auka noko sterkare enn fastlands-BNP i 2001 grunna auka olje- og gassutvinning.

Noregs bruttonasjonalinntekt var i fjor 1502 mrd. kroner, om lag 50 mrd. kroner mer enn i 2000.

Det vart i fjor sett i gang bygging av over 25 000 nye bustader i Noreg. Det er den høgaste bustadbygginga på 11 år. I første halvår i år vart det sett i gang bygging av i overkant av 10 977 bustader, ein nedgang på 7 pst. samanlikna med den same perioden i 2001.

I 2001 vart det førstegongsregistrert 120 840 personbilar, ein oppgang på 4,5 pst. frå året før. Ved utgangen av fjoråret var det i alt registert 1 87 3 000 personbilar i Noreg, ein auke på 20 000 bilar frå året før. I dei syv første månadene i år vart det førstegongsregistert om lag 3 pst. fleire personbilar enn i den same perioden i fjor.

Konsumprisindeksen gjekk opp med 1,4 pst. frå august i fjor til august i år. I gjennomsnitt har konsumprisane hittil i år stige med 0,9 pst. samanlikna med den same perioden i fjor. Justert for avgiftsendringar og utanom energivarer, har konsumprisane i gjennomsnitt stige med 2,5 pst.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 115 mrd. kroner i dei første seks månadene i år. Det er 5,3 mrd. kroner mindre enn i den same perioden i fjor. Noregs nettofordringar overfor utlandet auka med knapt 100 mrd. kroner dei første seks månadene i år og er rekna til 721 mrd. kroner ved utgangen av juni.

I dei første åtte månadene i år var eksport- og importverdien av tradisjonelle varer etter tur 8,9 pst. og 10,5 pst. lågare enn i same perioden i fjor. Nedgangen må ein mellom anna sjå i samanheng med at den norske krona har vorte sterkare. For Fastlands-Noreg viser handelsbalansen overfor utlandet eit underskott på 44 mrd. kroner i første halvår i år, som er 2 mrd. kroner mindre enn i fjor.

Etter fleire år med samanhengande vekst gjekk eksportverdien av fisk og fiskeprodukt ned frå 2000 til 2001. I 2001 utgjorde eksportverdien 30,2 mrd. kroner, noko som er ein nedgang på i underkant av 800 mill. kroner i forhold til året før.

Produksjonen av olje, gass og våtgass var i 2001 drygt 252 mill. Sm³ oljeekvivalentar. Det er ein auke på vel 3 pst. i forhold til året før. I dei første månadene i år har den samla produksjonen vore høgare enn på same tid i fjor. Det skuldast i hovudsak auka eksport av naturgass.

Petroleumssektoren har ein sentral plass i norsk økonomi. I fjor stod sektoren for 23 pst. av den samla verdiskapinga i landet, 45 pst. av eksportverdien og 22 pst. av realinvesteringane. Inntektene frå sektoren svara til 32 pst. av dei totale inntektene staten hadde same året.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2001 på om lag 300 000 mill. kroner. Det er om lag det same som året før. Den netto kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda var på 243 000 mill. kroner i 2001.

Det var knytt stor uvisse til utviklinga i oljeprisen hausten 2001. For å bidra til å stabilisere oljemarknaden og hindre at oljeprisen fall til eit uønskt nivå vart den norske oljeproduksjonen redusert med 150 000 fat pr. dag i første halvår 2002. Tiltaket var einsidig og ikkje ein del av ei formalisert avtale med OPEC eller produsentar utanfor OPEC. På grunn av betre balanse i oljemarknaden og forventningar om vekst i oljeetterspørselen i andre halvår vart ikkje produksjonsreduksjonen vidareført utover første halvår.

6,4 pst. av Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) vart våren 2002 selt til Norsk Hydro og andre selskap. Det vart i alt selt delar i 30 utvinningsløyve, og 9 selskap kjøpte delar. Delane vart selde for til saman 8,4 mrd. kroner.

Det er gjennomført tildeling av nytt areal i to omgangar siste året. I Nordsjø-tildelingane 2001 vart til saman 10 blokker, eller delar av blokker, tildelt 12 selskap. I den 17. konsesjonsrunden vart til saman 18 blokker, eller delar av blokker, i Norskehavet tildelt til saman 11 selskap.

Eigarane av gassrøra på kontinentalsokkelen er samde om vilkåra for ein felles eigarstruktur for gasstransportsystemet. Eigarstrukturen skal drøftast og godkjennast av styresmaktene.

Det er sett i gang arbeid for å utforme nye forskrifter om prinsippa for tilgang til rørleidningane og for tariffastsetjing.

EU-direktivet for gassmarknaden er gjennomført i norsk lovgjeving gjennom nødvendige lovendringar.

Gjennom Snøhvitutbygginga er den hittil største og mest omfattande industriutbygginga i Nord-Noreg, og den første store verksemda knytt til olje og gass i landsdelen, eit faktum.

Det er sett i gang arbeid med ei konsekvensutgreiing av heilårig petroleumsverksemd i dei nordlege havområda frå Lofoten og nordover.

Investeringane i elektrisitetsforsyninga var låge også i 2001, om lag 4,8 mrd. kroner. I år med normal nedbør reknar Noregs vassdrags- og energidirektorat med at produksjonen vil være på om lag 119 TWh. I 2001 var produksjonen av elektrisitet 121,9 TWh. Brutto kraftforbruk var 125,5 TWh, det høgaste forbruket som er målt. I meldinga om vasskrafta og kraftbalansen kom Regjeringa med framlegg for å betre tryggleiken i energiforsyninga.

Enova SF har frå 1. januar 2002 fått ansvaret for statens arbeid knytta til satsinga på fornybar energi og energisparing.

Noreg skreiv i juni under ei avtale om å delta i utviklingsfasen av neste generasjon amerikanske jagarfly. Utviklinga av alternative prosjekt skal framleis følgjast tett.

Regjeringa inngjekk i november ein kontrakt om kjøp av 14 helikopter av typen NH-90 til Forsvaret. Kjøpet blir gjort i samarbeid med Sverige og Finland.

Referansetestingsutvalet la i desember fram utgreiinga si om rammevilkåra for verdiskaping i Noreg.

I mai presenterte Regjeringa sin overordna IT-politikk, eNorge 2005. Målet er å medverke til verdiskaping i næringslivet, effektivitet og kvalitet i offentleg sektor og deltaking og identitet. Som eit ledd i dette arbeidet vart det i desember lagt fram ein strategi for eksport og internasjonalisering av IKT-næringa, og i april vart det lagt fram ein strategi for elektronisk innhald. Regjeringa har i aukande grad sett fokus på elektronisk innrapportering frå næringslivet og utvikling av ein samfunnsinfrastruktur for elektroniske signaturar. I juni vart det etablert ein elektronisk marknadsplass for offentlege innkjøp.

For å auke investeringane i forsking og utvikling (FoU) frå næringslivet har Regjeringa frå og med 2002 etablert ei skattefrådragsordning for bedriftsbasert FoU. Opprettinga av skattefrådragsordninga erstattar tilskottsordninga for FoU-prosjekt i regi av næringslivet (FUNN-ordninga).

Som eit ledd i forenklingsarbeidet retta mot næringslivet har Regjeringa oppretta eit prosjekt som skal medverke til at konsekvensane av nytt regelverk overfor næringslivet blir betre tydeleggjorde og dokumenterte.

Ein risiko- og sårbarheitsanalyse for daglegvarer for Nord-Noreg vart avslutta i januar 2002.

Det har vore ein nedgang i norskregistrerte skip i handelsflåten på om lag 5 pst. målt i bruttotonn. Talet på norske sjøfolk på skip i Norsk Ordinært Skipsregister har gått ned med om lag 6 pst. Talet på norske sjøfolk i Norsk Internasjonalt Skipsregister har endra seg lite. Sjøtransport utgjer om lag 45 pst. av transportarbeidet på fastlandet.

I fjor auka innanlandsk persontransport med 1,2 pst. sett i høve til 2000. Personbilen stod for 75 pst. av persontransportarbeidet. Godstransporten på veg auka med 2,7 pst. samanlikna med 2000.

Det er gjennomført omfattande støyskjermingstiltak langs veg- og jernbanenettet for å oppfylle krava i grenseverdiforskrifta innan 2005. Lokal og regional luftforureining frå vegtrafikken er også redusert som følgje av mindre bruk av piggdekk og miljøkrav som blir stilte til kjøretøy og drivstoff.

Flytrafikken, målt i talet på passasjerar som har komme og reist over norske lufthamner, viste i 2001 ein nedgang på 4,5 pst. samanlikna med 2000.

Verksemda til NSB Gods vart med verknad frå 1. januar 2002 overført til det nyetablerte CargoNet AS, som NSB eig saman med det svenske Green Cargo AB.

NSB BA og Posten Norge BA vart med verknad frå 1. juli 2002 omgjorde til aksjeselskapa NSB AS og Posten Norge AS.

I 2001 vart 11 522 personar skadde og 275 drepne i vegtrafikken. Det er 66 færre omkomne enn i 2000. 6 personar omkom i jernbaneulykker i 2001, og 3 personar omkom i luftfartsulykker. Regjeringa legg i det langsiktige tryggleiksarbeidet til grunn ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller livsvarig skadde.

Stortinget behandla i vår stortingsmeldinga om betre kollektivtransport. Innsatsen på dette feltet inngår som eitt av fleire verkemiddel for å sikre ei miljøvennleg utvikling og velfungerande bysamfunn.

Konkurransen i telemarknaden er aukande, men framleis ikkje tilfredsstillande. I juni vart eit utkast til ny lov om elektronisk kommunikasjon sendt ut på høyring.

Regjeringa la i mai fram ei stortingsmelding om situasjonen i den norske mobilmarknaden. Det vart elles i april tildelt åtte firesifra telefonnummer til konkurrerande opplysningstenester på telefon.

Regjeringa har arbeidd vidare med prinsippa for organiseringa av den offentlege matforvaltninga med utgangspunkt i stortingsbehandlinga av saka.

I forhandlingane mellom staten og Norges Fiskarlag hausten 2001 om stønadsmidlar til fiskerinæringa vart dei to avtalepartane samde om ei økonomisk ramme på 90 mill. kroner.

Ved å opne for nye konsesjonar for oppdrett av laks og aure vil Regjeringa medverke til å få i gang ny næringsverksemd i område som i dag ikkje er fullt utnytta til havbruksformål. Av dei 40 nye konsesjonane som er utlyste, vil over halvparten bli lokalisert i dei tre nordlegaste fylka. Tildelingane er samkøyrde med framlegget frå Regjeringa til nasjonale laksevassdrag og -fjordar.

Etter at det vart vedteke å opne for eksport av vågekval på visse vilkår, vart det for første gong på mange år eksportert eit mindre kvantum kvalprodukt til Island i juli.

Gytebestandane av fleire viktige arter av botnfisk i Barentshavet er låge eller utsette for for hardt fiske. Det aukar risikoen for dårleg rekruttering. Det er derfor eit mål å redusere fangstpresset slik at fiskebestandane kan vekse. Bestanden av sei nord for 62° N, lodde i Barentshavet, norsk vårgytande sild og nordsjøsild er derimot i god forfatning. Makrellbestanden er i god vekst som følgje av felles forvaltningsstrategi mellom Noreg, EU og Færøyane. Situasjonen for kolmulebestanden er derimot usikker. Arbeidet med å etablere eit kyststatregime for forvaltninga av kolmule er ikkje sluttført.

I Nordsjøen er situasjonen for bestandane av botnfisk alvorleg, særleg for torsk. Noreg og EU har redusert totalkvotane for 2002. I tillegg har partane halde fram arbeidet med å betre fangstmønsteret i Nordsjøen. Bestanden av sei i Nordsjøen er derimot god.

Overfor Kommisjonen for levande marine ressursar i Antarktis har Noreg fått gjennomslag for eit framlegg om å innføre svartelisting som eit tiltak mot ulovleg og ukontrollert fiske i internasjonalt farvatn.

Fiskeridepartementet arbeider med å følgje opp kontrolltiltak i fiskerinæringa med sikte på å betre ressurskontrollen og forvaltninga av dei levande marine ressursane.

Arbeidet med å betre driftsvilkåra for fiskeflåten har halde fram mellom anna ved å tilpasse kapasiteten til fiskeflåten til ressursgrunnlaget for med det å betre lønnsemda for fartøya og leggje grunnlaget for fornying. Ordninga med einingskvotar er innført for nesten alle grupper innanfor havfiskeflåten. No pågår arbeidet med å innføre gode drifts- og strukturordningar innanfor kystflåten.

Utvalet som har vurdert spørsmål rundt eigarskapen i fiskeflåten, la fram innstillinga si i juni.

Kystdirektoratet er flytta frå Oslo til Ålesund frå 1. januar 2002. Frå same dato vart det etablert ei produksjonseining ved distriktskontoret i Kabelvåg.

Arbeids- og administrasjonsministeren heldt i januar ei utgreiing for Stortinget om arbeidet med brukarretting, modernisering, effektivisering og forenkling som Regjeringa held på med. Desentralisering og delegering vart framheva som dei viktigaste verkemidla for å nå målsetjinga.

Stortinget drøfta i mai stortingsmeldinga om helse, miljø og tryggleik i petroleumsverksemda.

På bakgrunn av ein odelstingsproposisjon som vart fremja i desember, har Stortinget vedteke ny lov om brann- og eksplosjonsvern. Lova, som tok til å gjelde i juli, samlar tre lover til éi og reduserer talet på forskrifter.

Nytt helse-, miljø- og tryggleiksregelverk på sokkelen vart sett i verk 1. januar 2002. Det nye regelverket er forenkla ved at 14 forskrifter for verksemda er redusert til 5.

Regjeringa har byrja å gå igjennom forskriftsverket på HMS-området med utgangspunkt i næringslivet som målgruppe.

Stortinget har på bakgrunn av ein odelstingsproposisjon som vart lagd fram i juni, vedteke endringar i føresegnene i arbeidsmiljølova om overtid og samstundes fjerna stillingsvernet for toppleiarar som har etterlønnsavtale.

Ved avslutninga av prosjektet «Kvinne, kvalitet og kompetanse i staten» hadde det lykkast å auke prosentdelen av kvinner i leiarstillingar i staten frå 22 pst. i 1997 til 28 pst. i 2002. Regjeringa har sett eit nytt måltal til minst 40 pst. representasjon av begge kjønn innan 1. januar 2006. Det er fastsett prosedyrekrav for rekruttering til statlege toppleiarstillingar.

Regjeringa har vedteke ein konkurransepolitisk handlingsplan. Konkurransestyresmaktene skal styrkast. Offentlege reguleringar skal gjennomgåast og offentlege innkjøp, sal av statsselskap og organisering og drift av offentleg verksemd skal innrettast slik at konkurransen blir stimulert.

Nye og enklare reglar for utrekning av ytingar under medisinsk rehabilitering og yrkesretta attføring tok til å gjelde 1. januar 2002.

I lønnsoppgjeret for 2002 vart det avtalt forbundsvise eller sentrale tillegg i dei fleste av dei store avtaleområda. I dei områda der avtalene gjev tilgang til lokale forhandlingar, er slike forhandlingar gjennomførte på vanleg måte.

Det er frå 1. juli inngått nye avtaler om basistilskott og takstar for privatpraktiserande legar, fysioterapeutar og psykologer.

Etter oppmoding frå Regjeringa la Pensjonskommisjonen fram ein førebels rapport først i september. Rapporten vil liggje til grunn for det vidare arbeidet i kommisjonen, som vil halde fram til oktober 2003.

Regjeringa har nemnt opp eit offentleg utval som innan utgangen av året skal vurdere framlegg til løysingar som skal sikre at regelverket for meirverdiavgift verkar nøytralt i høve til vedtaka i kommunane.

Regjeringa har nemnt opp eit ekspertutval som innan utgangen av året skal vurdere prinsippa for utforming av skatte- og avgiftssystemet. Utvalet skal i særleg grad vurdere utforminga av inntekts- og formuesskattlegginga, både ut frå omsynet til effektiv ressursbruk, fordeling og at det skal vere enkelt og om skattesystemet er godt nok tilpassa aukande internasjonal mobilitet.

På bakgrunn av ein odelstingsproposisjon som vart lagd fram i mars, har Stortinget vedteke ei ny lov om registrering av finansielle instrument (verdipapirregisterlova). Lova inneber at det monopolet Verdipapirsentralen tidlegare hadde på å drive slik registrering, blir erstatta av konsesjonskrav for å drive slik verksemd.

På bakgrunn av ein odelstingsproposisjon som vart fremja i mars, har Stortinget vedteke ei lovendring som opnar for å kunne omdanne sparebankar til aksjeselskap eller allmennaksjeselskap.

Nye lovtiltak mot terrorisme tok til å gjelde i juni. Med lovendringane blir FN-konvensjonen 9. desember 1999 om tiltak mot finansiering av terrorisme og resolusjon 1373 i Tryggingsrådet i FN 28. september 2002 gjennomførte.

Det vart i juni vedteke ei rekkje lovendringar for å sikre ei raskare avvikling av straffesaker. Samtidig vart reglane om varetektsfengsling i isolasjon endra for å sikre ei meir forsvarleg behandling av varetektssaker der den sikta blir halden isolert og for å avgrense bruken av og lengda på slik isolasjon.

Ei ny lov om straffegjennomføring tok til å gjelde i mars. Lova gjev moderne og gode rammer rundt straffegjennomføringa i fengsel og etablerer ei ny samfunnsstraff. Dette er eit viktig bidrag til å redusere tilbakefallet og dermed til mindre kriminalitet.

Regjeringa har arbeidd vidare med tiltak mot kriminalitet blant barn og unge. Ein proposisjon om lovtiltak mot barne- og ungdomskriminalitet vart fremja i juni.

Også arbeidet med tiltak mot vald har halde fram. Det er gjennomført lovendringar for å få bukt med ulovleg bruk av kniv og skytevåpen. Vidare er det fremja forslag til lovendringar for å gjere besøksforbod til eit meir effektivt verkemiddel for å førebyggje vald.

Som eit ledd i oppfølginga av handlingsplanen «Vold mot kvinner» er det etablert prosjekt som skal utvikle modellar for førebygging av vald, samarbeid mellom aktuelle instansar og bistand til offer og overgriparar. Utviklinga av mobile valdsalarmar blir ført vidare.

Ei utgreiing om stillinga til den fornærma i straffeprosessen er lagd fram. I samband med det tek ein opp spørsmålet om å styrkje rettsstillinga til foreldra til barn som er drepne ved ei straffbar handling.

Regjeringa offentleggjorde i juli ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering. Handlingsplanen inneheld ei rekkje tiltak. Arbeidet med å gjennomføre tiltaka har teke til.

Regjeringa har med bakgrunn i ein urovekkjande auke i bruk av truslar mot vitne i straffesaker dei seinare åra fått utarbeidd ein rapport med framlegg til tiltak for å verne vitne i straffesaker mot truslar, represaliar m.m. Politidirektoratet har fått i oppgåve å setje i verk enkelte tiltak med omgåande verknad.

Den nye forbrukarkjøpslova tok til å gjelde i juli. Lova har bakgrunn i ein odelstingsproposisjon som vart fremja i mars.

Frå 1. januar 2002 tok det folkevalde organet Longyearbyen lokalstyre til å fungere. Longyearbyen lokalstyre avløyser Svalbardrådet, men har eit monaleg vidare ansvarsområde.

På bakgrunn av ein proposisjon som vart lagd fram i desember, har Stortinget vedteke ei ny lov om personnamn. I lova har Regjeringa lagt til rette for ei meir liberal haldning til namneformer, til kva mellom- og etternamn folk kan bruke og til bruk av utanlandske namneskikkar.

I august vart det lagt fram ein odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg til endringar i plan- og bygningslova som skal føre til ein meir effektiv og enklare byggjesaksprosess.

Det er vidare fremja ein proposisjon om endringar i plan- og bygningslova, som mellom anna inneheld fristar i planlegginga og betre tilgang til kart og geografisk informasjon, noko som vil gje raskare og meir effektiv behandling av plan- og byggjesaker.

Regjeringa har nemnt opp eit lovutval som skal gjennomgå plan- og bygningslova med sikte på å forenkle bygningslovgjevinga.

Ny lov om val til kommunestyre og fylkesting tok til å gjelde i september.

Framlegget frå Regjeringa om at kommunar og fylkeskommunar kan konkurranseutsetje revisjonsverksemda har fått tilslutning i Stortinget.

Stortinget har handsama ei stortingsmelding om oppgåvefordelinga mellom stat, fylkeskommunar og kommunar.

For å sikre ein verknadsfull distrikts- og regionalpolitikk i framtida er det sett ned eit utval (Effektutvalet) som skal vurdere verknadene av ulike typar statleg innsats for distriktspolitiske mål og regional utvikling.

Regjeringa har presentert si samepolitiske plattform i tilleggsmeldinga om samepolitikken.

Regjeringa la i juni fram ein handlingsplan med tiltak for å auke deltakinga i samfunnet for barn og unge med innvandrarbakgrunn.

Lovutvalet for lov mot etnisk diskriminering leverte innstillinga si i juni.

Som eit ledd i arbeidet med å mjuke opp regelverket for arbeidsinnvandring til Noreg har Regjeringa sett i verk lov- og forskriftsendringar for å lette rekrutteringa av faglært arbeidskraft frå utlandet.

Det siste året er det sett i verk ei rekkje tiltak i Utlendingsdirektoratet med sikte på å effektivisere verksemda, og behandlingstida for utlendingssaker har gått ned.

Stortinget har slutta seg til tilleggsmeldinga frå Regjeringa om norsk klimapolitikk, som inneheld framlegg til ein meir offensiv politikk og fleire og tidlegare konkrete tiltak på klimaområdet. For å få meir kunnskap om verknadene av global oppvarming og tilpassing til eit klima i endring har Regjeringa løyvd midlar til eit nytt forskingsprogram: KlimaEffekter.

Regjeringa la i september fram eit framlegg til ny lov om miljøinformasjon, som vil sikre at alle får rett til miljøinformasjon og til å delta i avgjerdsprosessar som har innverknad på miljøet.

Kulturminneutvalet la fram innstillinga «Fortid former framtid» i desember. Stortinget vedtok på bakgrunn av eit framlegg frå Regjeringa å styrkje arbeidet med å ta vare på kulturminne og kulturmiljø ved å opprette eit kulturminnefond på 200 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett.

Regjeringa oppretta i desember Forollhogna nasjonalpark, den første nye nasjonalparken i Noreg på 10 år. Dovre nasjonalpark er utvida til Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, og saman med tilhøyrande landskapsvernområde er dette no det største verneområdet i Noreg. Vernet skal sikre eit intakt høgfjellsøkosystem med villrein, jerv, fjellrev, kongeørn og ravn.

Svalbard skal vere mellom dei best forvalta villmarksområda i verda. Svalbardmiljølova vart sett i verk 1. juli. Regjeringa har også verna Bjørnøya som naturreservat.

For å styrkje vernet av villaksen har Regjeringa lagt fram ein stortingsproposisjon der det vart gjort framlegg om å opprette 37 nasjonale laksevassdrag og 21 nasjonale laksefjordar.

Regjeringa har gjort framlegg om og Stortinget har vedteke ein auke i løyvingane til barskogvern, som skal disponerast gjennom Jordfondet. Det skal medverke til å sikre det rike biologiske mangfaldet i skogane våre, og det vil også betre konkurranseevna for norske trebaserte produkt på marknader som er miljømedvitne.

Stortinget har behandla stortingsmeldinga om betre miljø i byar og tettstader, som Regjeringa la fram i april. For å fremje det godet livet i byar og tettstader vil Regjeringa særleg leggje vekt på tiltak for gode utemiljø, grøne lunger, reinare luft, mindre støy, betre helse og tryggleik. Ei miljøvennleg byutvikling vil krevje betre utnytting av areala og ei prioritering av kollektivtransport, sykkel- og gangvegar.

Regjeringa har styrkt arbeidet for å redusere utsleppa av radioaktivt avfall frå Sellafield.

Regjeringa la i juni fram ei samla melding om oppvekst- og levekår for barn og ungdom i Noreg.

Regjeringa har prioritert arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og la i vår fram plandokumenta Fornyet innsats mot tvangsekteskap og Regjeringens innsats mot kjønnslemlestelse.

Som eit ledd i innsatsen mot tvangsekteskap har Regjeringa sendt eit framlegg til endringar i ekteskapslova på høyring. Innføring av obligatorisk prøving av ekteskapsvilkåra er eitt av framlegga.

Regjeringa gjorde framlegg om ei rekkje tiltak for å styrkje barne- og ungdomsvernet i stortingsmeldinga om barne- og ungdomsvernet som vart lagd fram i juli.

Regjeringa har komme med framlegg til endringar i reglane for fastsetjing og endring av farskap i barnelova. Framlegget tek mellom anna sikte på å styrkje retten som barn har til å kjenne sitt biologiske opphav.

Regjeringa har sett i verk forsøk med arbeidsvurdering som eit ledd i arbeidet med å gjere lønnsskilnaden mellom menn og kvinner mindre.

Forbrukarrådet er gjennom nye vedtekter frå 1. juli gjort til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, og det er oppretta eit styre for organisasjonen.

Regjeringa har komme med framlegg til endringar i gjeldsordningslova. Framlegget inneber ei klargjering og forenkling av gjeldande lov og vil gjere det lettare å komme fram til gjeldsordning med offentlege kreditorar, her medrekna skatte- og avgiftskreditorar.

Regjeringa har lagt fram og Stortinget har vedteke nye føresegner om garantiar i marknadsføringslova. Føresegnene vil bidra til å klargjere rettstilstanden og gjere både næringsdrivande og forbrukarar meir medvitne om skilnadene mellom garantiar og reklamasjonar.

Regjeringa har med verknad frå 1. januar 2002 omorganisert den sentrale sosial- og helseforvaltninga. Helsedepartementet og Sosialdepartementet vart oppretta. Ei rekkje verksemder er slått saman i Sosial- og helsedirektoratet og i Nasjonalt folkehelseinstitutt. Helsetilsynet har frå same tid vorte eit reint tilsynsorgan.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposisjon med endringar i spesialisthelsetenestelova for å gje Statens helsetilsyn høve til å fastsetje tvangsmulkt i samband med pålegg som er gjevne etter spesialisthelsetenestelova.

Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999–2006 er følgd opp i tråd med intensjonane i Stortinget.

Eit utval er sett ned for å vurdere finansieringsforma for spesialisthelsetenesta.

Trygdeetaten har dei par siste åra arbeidd spesielt med å få uførepensjonistar tilbake i arbeid. Verkemiddel som sikrar at alle tener på å auke arbeidsinntekta, gjev etter kvart resultat. Trygdeetaten har no fått fleire hundre i inntektsgjevande arbeid.

Til behandling i Stortinget ligg det no eit framlegg frå Regjeringa om å gje tidsavgrensa uførestønad til personar som framleis har ei viss arbeidsevne, medan varig uførepensjon berre skal gå til personar som er 100 pst. arbeidsuføre.

Organisert og omfattande trygdemisbruk viser ein urovekkjande tendens. Regjeringa har derfor støtta oppmodinga frå trygdeetaten om å opprette eigne misbruksgrupper i trygdeetaten for å motverke dette. Lovendringar som nyleg er vedtekne, gjer trygdeetaten betre i stand til å avdekkje trygdemisbruk.

Regjeringa har nemnt opp eit utval som skal vurdere innhald, kvalitet og organisering av grunnopplæringa. Utvalet har komme med ei delutgreiing med framlegg til eit nasjonalt system for kvalitetsvurdering.

I Utdannings- og forskingsdepartementet er saksbehandlingstida for søknader etter privatskolelova korta ned og det er innført ein meir liberal praksis.

For å betre læringsmiljøet til barn og unge har Regjeringa gjort framlegg om lovfesta krav til skolemiljøet og føresegner som gjev elevane meir å seie i skolen.

Regjeringa har gjort det enklare å drive forsøk og har utarbeidd Ver Aktiv-plakatar for betre å kunne utnytte handlingsrommet i skolen. Ei ordning med bonus- og demonstrasjonsskolar er innført frå hausten 2002. Timetalet i norsk er auka med tre timar på småskolesteget og det er fastsett ny og forenkla læreplan i KRL-faget.

Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa vart oppretta i august.

Det er lagt fram eit framlegg om opplæring av rektorar og mastergradar i skoleleiing. Det er innleidd ein dialog med Kommunenes Sentralforbund om betre og meir profesjonelt eigarskap i norsk skole. Regjeringa har opna for større lønnsdifferensiering for lærarar og rektorar.

For å få fleire søkjarar til lærarutdanningane er det gjennomført ein landsomfattande førskole- og lærarrekrutteringskampanje med særleg vekt på rekruttering av menn og personar med tospråkleg kompetanse. Talet på søkjarar til allmenn- og faglærarutdanninga har auka monaleg.

Regjeringa har fremja eit lovframlegg som presiserer gratisprinsippet i grunnskolen. Vaksne som har behov for det, har frå august 2002 rett til grunnskoleopplæring.

Regjeringa har oppretta Forum for kompetanse og arbeidsliv som ein møteplass for politiske styresmakter, partane i arbeidslivet og institusjonar som tilbyr utdanning.

Nasjonale system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse er under etablering.

Ei låneordning for skolebygg og skoleanlegg, inklusive breiband, er innført.

Det er innført ei ny økonomisk støtteordning for studentar i høgare utdanning frå hausten 2002. Ordninga inneber mellom anna at studentar får auka støtte frå Lånekassa, og at delar av stipendutbetalingane er avhengig av oppnådde vekttal.

Som ledd i Kvalitetsreforma i høgare utdanning har Regjeringa lagt fram og Stortinget handsama ny universitets- og høgskolelov, stortingsmelding om ny gradsstruktur i høgare utdanning, stortingsmelding om rekruttering av vitskapleg personale til universitet og høgskolar og stortingsmelding om høgare kunstutdanning. Regjeringa har vidare lagt fram ei stortingsmelding om samisk høgare utdanning og forsking. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga er oppretta for å sikre kvaliteten i høgare utdanning.

For å sikre framdrift i innføringa av Kvalitetsreforma også for private høgskolar har Regjeringa komme med framlegg til endringar i privathøgskolelova. Lova er vedteken av Stortinget og tok til å gjelde 1. juli. Regjeringa har også lagt fram eit framlegg til ny lov om folkehøgskolar.

I juni vart det peikt ut 13 senter for framifrå forsking. Regjeringa har følgd opp evalueringa av Noregs forskingsråd gjennom vedtaket om ein modell med eitt forskingsråd, men med store endringar samanlikna med dagens system. Kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping er auka, Niels Henrik Abels minnefond i matematikk er oppretta og Abelprisen skal delast ut første gong i 2003. Regjeringa har fremja eit lovframlegg om auka kommersialisering av forskingsresultat.

Kristendommen er som tru og tradisjon framleis ein berebjelke i samfunns- og kulturlivet, både lokalt og nasjonalt, trass i auka kulturelt og religiøst mangfald. Medlemstalet i Den norske kyrkja ligg stabilt på 86 pst. av folket, og oppslutninga om kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd er høg.

Det er utført nødvendige utbetrings- og sikringstiltak ved museumsjernbanen på Kongsberg, slik at banen kunne opnast att i juli i år.

Stortinget har ved behandlinga av stortingsmeldinga om mål og verkemiddel i mediepolitikken i hovudsak slutta seg til dei justeringane i presse- og annonseringspolitikken til staten som det var gjort framlegg om.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon om endringar i kringkastingslova som ei oppfølging av ei utgreiing om konvergens – samansmelting – av tele-, data- og mediesektorane.

Det er kunngjort ein konsesjon for analog riksdekkjande reklamefinansiert radio for perioden 2004–2014.

Det er kunngjort ein konsesjon for retten til å byggje ut og drive eit digitalt bakkenett for fjernsyn.

Omlegginga av filmpolitikken er sluttført i 2002, i tråd med dei hovudprinsippa som Stortinget har slutta seg til.

For 2002 utgjer delen av overskottet i Norsk Tipping AS til idrettsformål 858,3 mill. kroner. Av dette er det sett av 428 mill. kroner til idrettsanlegg, 299,5 mill. kroner til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite, 86 mill. til direkte tilskott til arbeid for barn og unge i lokale lag og foreiningar og 44,8 mill. kroner til andre idrettsformål.

Stortinget har vedteke ei endring av tippenøkkelen, slik at etter ein overgangsperiode på tre år vil overskottet frå Norsk Tipping AS bli fordelt likt mellom idrett og kultur.

Gjeve på Oslo Slott 27. september 2002
Under Vår hand og riksseglet


Dette verket er ikkje beskytta av opphavsretten, av di det vart laga av Den norske regjeringa (Åndsverklova §9).